Park Geun-hye
Park Geun-hye | |||
| |||
Fødd | 2. februar 1952 (72 år) Daegu | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sør-Korea | ||
Parti | partilaus (3. november 2017) | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Sogang Universitet Universitetet i Grenoble Jangchung Elementary School Sacred Heart Girls' Middle School Sacred Heart Girls' High School Université Joseph Fourier | ||
Mor | Yuk Young-soo | ||
Far | Park Chung-hee | ||
Verv | President i Sør-Korea 2013-2017 | ||
Føregangar | Lee Myung-bak | ||
Etterfylgjar | Hwang Kyo-ahn (fungerande) | ||
Alle verv |
|
Park Geun-hye (fødd 2. februar 1952) var den ellevte presidenten i Sør-Korea frå 2013 fram til ho vart avsett i 2017. Geun-hye var den fyrste kvinnelege presidenten i landet. Ho er dotter av den sørkoreanske politikaren Park Chung-hee, og vart vald til president 25. februar 2013. Ho representerer partiet Saenuri - «Ny verd».
Park Geun-hye har studert ingeniørvitskap ved Sogang-universitetet i Seoul. I 1998 vart ho fyrste gongen sett inn som representant i nasjonalforsamlinga i Sør-Korea. Ho ynskte å stilla som presidentkandidat i 2007, men partiet ho representerte, valde å bruka Lee Myung-bak i staden. Sakene ho prioriterer som president er sosial velferd, auka økonomisk demokrati og nasjonal forsoning.
Konfliktfylt presidentskap
[endre | endre wikiteksten]Kort etter at Park Geun-hye vart vald til president, bad ho Kim Jong-un, presidenten i Nord-Korea om å ikkje bruka atomvåpen. Dette vart sagt på ein minnedag for at eit sørkoreansk marineskip vart senka, truleg av ein nordkoreansk ubåt. Nord-Korea har seinare brukt hard retorikk mot Park Geun-hye, kalla henne svikefull og falsk og kritisert kjolane ho går i. Kort tid før ho vart president, gjennomførte Nord-Korea ei atomprøvesprenging, og har nyleg truga med å gå til åtak på USA.[1]
Park Geun-hye er ugift og lever åleine. Foreldra hennar vart begge drepne på 1970-talet.