[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Paramokarakara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paramokarakara
Paramokarakara
Paramokarakara
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av paramokarakara
Utbreiinga av paramokarakara
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Slekt: Phalcoboenus
Art: Paramokarakara P. carunculatus
Vitskapleg namn
Phalcoboenus carunculatus

Paramokarakara (Phalcoboenus carunculatus) er ein altetande medlem av falkefamilien Falconidae. Han er utbreidd langs Andes gjennom Ecuador nordover langs den sentrale Andes-kjeda til Caldas-departementet i Colombia. Han lever over tregrensa i graskledd habitat, eller i eit alpint páramo+økosystem slik som det norske artsnamnet ymtar om.

Slektsnamnet Phalcoboenus er frå det greske 'phalkõn' som tyder «falk» og det greske bainõ, «å gå». Det spesifikke epitetet carunculatus er latinsk og betyr «lite kjøttstykke».[1] Det kan referere til det iaugefallande oransje, nakne kjøttaktige området i ansiktet på denne arten.

Taksonomien til karakaraene er ikkje endeleg. American Ornithological Society og International Ornithological Committee plasserer paramokarakara og tre andre karakaraer i slekta Phalcoboenus.[2][3] Clements-taksonomien plasserer paramokarakara og seks andre karakaraer i slekta Daptrius.[4] Alle er samde om at paramokarakaraen er monotypisk.

Paramokarakara i Cotopaxi nasjonalpark i Ecuador

Paramokarakaraer er 50 til 56 cm lange med eit vengjespenn på 112 til 119 cm. Fjørdrakta til kjønna er like. Vaksne er for det meste svarte med eit dristig mønster av kvite striper på brystet. Buken bak beina, undersida av vengene og hale, og tuppa av svingfjører og halefjører er reint kvit. «Cere» og den nakne huda i ansiktet og halsen er lys oransje til djup raud, med rynkar i halshuda. Irisen er hasselbrun til svartgrå og beina og føtene deira er knallgule. Juvenile har helt annleis utsjånad, dei er gulbrune til mørkebrune med nokre kvite flekker på hovudet, bakdelen og undersida. Beina og føtene deira er mørke.[5]

Paramokarakara finst i den sentrale fjellkjeda av Andesfjella frå det sørvestlege Colombia til det sørlege Ecuador. Nordgrensa er omtrent sentralt i Caldas-departementet i Colombia, sørgrensa ligg i Loja-provinsen i Ecuador, ikkje langt nordom grensa til Peru.[6] Han lever i den tempererte sona over tregrensa, der landskapet er páramo eller graskledde beitemarker med spreidde buskar. I høgdnivå varierer det stort sett mellom 3000 og 4000 m, men han har vorte registrert så høgt som 4700 m.[5]

Så vidt kjent er paramokarakaraen ein standfugl, men gjer streif innanfor utbreiingsområdet sitt, og samlast i flokkar som kan vere meir enn 100 utanom hekkesesongen.[5]

Paramokarakaraen er ein altetar og svært opportunistisk. Kosthaldet inkluderer meitemakk, insekt og larvane deira, andre virvellause dyr, amfibium, små øgler og pattedyr, fuglar, åtsel og vegetabilsk materiale som korn. Han søkjer vanlegvis ved å gå eller springe på bakken, men kan òg søkje i flukt lågt over bakken. Dei beitar ofte i små grupper blant storfe eller lamaer.[5]

Paramokarakara legg vanlegvis egg i september og oktober, sjølv om det er registreringar frå seinare. Han byggjer vanlegvis eit pinnereir på ei hylle i ei fjellside, men ein har registrert reir i eit tre. Kullet er vanlegvis på to egg.

Arten er skildra som mest taus, men to ulike lydytringar er registrerte og skildra som «gryntande og kvinande bjeff» og den andre ein «lang serie med harde tonar».[5]

Verdas naturvernunion, IUCN klassifiserer paramokarakaraen som ein livskraftig art (LC). Sjølv om han har ei avgrensa utbreiing og ein estimert populasjon på færre enn 6700 modne individ, trur ein storleiken på populasjonen er stabil. Ingen umiddelbare truslar er identifiserte.[6]

  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 301, 92. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Gill, F.; Donsker, D.; Rasmussen, P., red. (Januar 2023). «Seriemas, falcons». IOC World Bird List. v 13.1. Henta 11. februar 2023. 
  3. Remsen, J. V., Jr., J. I. Areta, E. Bonaccorso, S. Claramunt, A. Jaramillo, D. F. Lane, J. F. Pacheco, M. B. Robbins, F. G. Stiles, and K. J. Zimmer. Version 30 January 2023. A classification of the bird species of South America. American Ornithological Society. Henta 30. januar 2023
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, T. A. Fredericks, J. A. Gerbracht, D. Lepage, S. M. Billerman, B. L. Sullivan, and C. L. Wood. 2022. The eBird/Clements checklist of birds of the world: v2022. Lasta ned frå https://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/. Henta 10. november 2022
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Bierregaard, R. O., P. F. D. Boesman, og J. S. Marks (2022). Carunculated Caracara (Daptrius carunculatus), version 1.1. I Birds of the World (N. D. Sly, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.carcar1.01.1
  6. 6,0 6,1 BirdLife International (2016). «Carunculated Caracara Phalcoboenus carunculatus». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22696238A93550967. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22696238A93550967.en. Henta 14. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Paramokarakara