Polartorsk
Polartorsk | |
Polartorsk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Orden: | Torskefisk Gadiformes |
Familie: | Torskefamilien Gadidae |
Slekt: | Boreogadus |
Art: | Polartorsk B. saida |
Vitskapleg namn | |
Boreogadus saida |
Polartorsk (Boreogadus saida) er ein fisk i torskefamilien.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Polartorsken er tydeleg slankare enn andre torskefiskar. Han er raud- eller gråbrun oppå med lysare sider og kvit eller sølvfarga buk. Finnane kan spela blåraudt. Lengda er vanlegvis 20-25 centimeter, men ein har funne fisk oppe i 40 centimeter.[1] Han har eit lite «skjegg» under haka.[2]
Polartorsken kan bli minst 7 år gammal.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Fisken finst sirkumpolart i arktiske vatn, sør for Island, utanfor Noreg og i Kvitehavet.[1] Polartorsken er pelagisk og føretrekk kaldt vatn (vanlegvis med ein overflatetemperatur under 5 °C).[2]
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Polartorsken finst vanlegvis i vatn nær iskanten, men ein kan også finna han lengre ute og på djupare vatn. Han kan symja inn i brakkvatn i elvemunningar og fjordar.[1] Fisken et mellom anna zooplankton, som pungreker, og småfisk.[3]
Polartorsken gyter i kystnære område med ein sjøtemperatur like over 0 °C.[2]
Økonomisk tyding
[endre | endre wikiteksten]Fisken blir fanga i stor skala, hovudsakleg som industrifisk til framstilling av fiskemjøl og olje.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Polartorsk» frå Wikipedia på svensk, den 13. juli 2011.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedt, Stockholm 1985, s. 370. ISBN 91-1-844202-1.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Pethon, Per; Svedberg, Ulf: Fiskar i färg, Norstedts, Stockholm 1995, s. 107. ISBN 91-1-923132-6.
- ↑ «Boreogadus saida: Polar cod» (på engelsk). Fishbase. Henta 8. mai 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- polartorsk i Store Norske Leksikon
- Slik kan den viktigste arten i Arktis bli rammet ved et oljeutslipp. (24. april 2020) NRK