Påskelilje
Påskelilje | |
Påskelilje | |
Utbreiing og status | |
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko Vestlege og sentrale Europa | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Amaryllidoideae |
Stamme: | Narcisseae |
Slekt: | Påskeliljeslekta Narcissus |
Art: | Påskelilje N. pseudonarcissus |
Vitskapleg namn | |
Narcissus pseudonarcissus |
Påskelilje (Narcissus pseudonarcissus) er ein laukplante i påskeliljefamilien. Ho har ein einaste stor gul eller kvit blome på ein knapt 50 cm høg stilk.
Påskelilja er er dyrka både som hageplante og som snittblomster. Ho er rimeleg hardfør, og lauken overlever oftast den norske vinteren utan tildekking. Påskelilja blømer i april-mai i Noreg. Planten er nasjonalblome for Wales.
Opphavleg utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Planta veks vilt i det meste av det vestlege og sentrale Europa, men dei naturlege bestandane er truga på to frontar: Dels vert biotopane innskrenka og dels breiar dyrka former seg på villplantane sin kostnad. Opphavleg var arten knytt til lysopne skogar og steppeliknande område opp til 2000 moh. I dag er forvilla kulturformer naturalisert over mykje av verda.
I Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Noreg er påskelilje ein framandart som er innført som prydplante.[1][2] Arten er ein tradisjonell produksjonsart som har vore i bruk før 1700, og han var derfor ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018,[3] men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).[4]
To underartar er registrerte forvilla i Noreg:
- nominatunderarten lita påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. pseudonarcissus) er kjend som etablert i norsk natur i alle fall i 1749 og finst forvilla i til dels store bestandar på Vestlandet frå Sunnhordland til Møre og ved Røros, der han går opp til over 800 m.[1]
- stor påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. major) er innført i nyare tid og finst forvilla på Austlandet og nord til Troms, men dannar ikkje store bestandar. Underarten er i Framandartslista 2023 vurdert med potensielt høg risiko (PH).[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 211.
- ↑ «Artsdatabanken: påskelilje». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023.
- ↑ «Fremmedartslista 2018: Narcissus pseudonarcissus påskelilje». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 6. mars 2023.
- ↑ «Fremmedartslista 2023: påskelilje Narcissus pseudonarcissus L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024.
- ↑ «Fremmedartslista 2023: stor påskelilje Narcissus pseudonarcissus subsp. major (Curtis) Baker». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024.
- Denne artikkelen bygger dels på «Påskelilje» frå Wikipedia på dansk, den 13. april 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) påskelilje hos Artsdatabanken
- (en) påskelilje i Encyclopedia of Life
- (en) påskelilje i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) påskelilje hos Dyntaxa
- (en) påskelilje hos ITIS
- (en) påskelilje hos NCBI
- (en) påskelilje hos The International Plant Names Index
- (en) påskelilje hos Tropicos
- (en) Kategori:Narcissus pseudonarcissus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Narcissus pseudonarcissus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Narcissus pseudonarcissus – detaljert informasjon på Wikispecies