Synnøve Søndergaard
Utsjånad
Synnøve Søndergaard | |||
| |||
Fødd | 26. september 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet (1991) | ||
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Synnøve Søndergaard (fødd 26. september 1957) er ei norsk samisk fagforeiningskvinne og politikar, frå 2017 til 2021 medlem av Sametinget, innvald for Arbeidarpartiet frå Gáisi valkrets.[1]
Søndergaard er medlem av Norsk Tenestemannsslag, og sat frå 1998 til 2006 i NTLs landsstyre.[2] Ho er per 2017 distriktssekretær for LO i Troms.[3]
Ho har hatt fleire politiske tillitsverv, blant anna som fylkesråd i Troms fylkeskommune frå 2003 til 2009. Ho har òg vore styremedlem i AOF Nord, i Norsk Luftfartsmuseum og i Norsk Luftfartssenter Bodø AS.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Synnøve Johanne Søndergaard», nrk.no 17. juni 2009
- ↑ «Synnøve Søndergaard LO-distriktssekretær i Troms», ntl.no
- ↑ «Kom inn på Sametinget etter valdrama: – Der det er innverknad skal LO vera», itromso.no 19. september 2017
- Denne artikkelen bygger på «Synnøve Søndergaard» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2019.