Svarttopp
Utsjånad
Svarttopp | |
Svarttopp | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Svarttoppslekta Bartsia |
Art: | Svarttopp B. alpina |
Vitskapleg namn | |
Bartsia alpina |
Svarttopp (Bartsia alpina) er ei urt i snylterotfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Arten vart tidlegare rekna til maskeblomsterfamilien.
Svarttopp er ein fleirårig mørkfarga 20 cm høg fjellplante med håra stengel som nedst har tjukke skjelblad. Oppover stengelen er blada motsette og mørkgrøne eller fiolette. Planta har einskilde svartfiolette blomstrar som er 2 cm lange. Frukta er ein eggforma kapsel som er 1 cm lang. Svarttopp blømer kring juni i fuktige enger til fjells.
Planten er heimleg og finst i Noreg frå Jæren til Finnmark. Han er funnen opp til 1960 m i Jotunheimen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1000-1001.
- Denne artikkelen bygger på «Svarthö» frå Wikipedia på svensk, den 28. august 2010.