Sundsfjorden på Nordmøre
Utsjånad
Sundsfjorden er ein fjord på Averøya i Averøy kommune på Nordmøre. Fjorden strekkjer seg 1,7 km sørover til Sundsøya der han held fram som Nekkstadfjorden. Sør for Nekkstadfjorden ligg igjen Bafjorden og totalt har dei tre ei samla lengd på 4,5 km.
Fjorden har innløp mellom Flatset i vest og Bogen i aust. Bruket Hjelset ligg på austsida, medan Søfstad ligg på vestsida. Tordøya ligg midt i innløpet til fjorden og ved sida av Sundsøya i sør ligg Sauholmen.