Stout
Utsjånad
Stout er eit nesten svart, overgjæra øl med opphav i dei britiske øyane. Det blir laga av brunne malt eller bygg og er opphavleg ein type porter.[1]
Namnet stout tyder 'sterk', og viste opphavleg til fleire øltypar med høgt alkoholinnhald. Seinare blei ordet berre brukt om eit mørkt, nokså bitter og kremete porterøl. Ølbryggaren Guinness er særleg kjend for sin stout.[2]
Ved slutten av 1800-talet blei stout tillagt eigenskapen som ein helse- og styrkebringande drikk[3] som blei drukken av idrettsutøvarar, ammande kvinner og tidlegare sjuke.
Nokre stouttypar
[endre | endre wikiteksten]- Guinness frå Irland
- Murphy's frå Irland
- Mackeson's XXX frå England
- Cornish Cream frå Cornwall i England
- Coopers Best Extra Stout frå Australia
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ LaFrance, Peter (2012). «Stout» (på engelsk). Oxford University Press.
- ↑ Ayto, John (2013). «stout» (på engelsk). Oxford University Press.
- ↑ Thompson, Brian ThompsonBrian (21. februar 2013). «oatmeal stout» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-536713-3.
- Denne artikkelen bygger på «Stout» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2005.