Stortingsvalet 1949
Stortingsvalet 1949 var det andre stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, 10. oktober 1949. Valet var ein stor siger for Arbeidarpartiet, og Einar Gerhardsen si andre regjering heldt fram. Arbeidarpartiet fekk fleirtal åleine i Stortinget.
Dette var det siste valet med gamal valordning, der valkrinsane var delt opp i landkrinsar og bykrinsar. Det var òg det siste valet med gamal utrekningsmetode for mandat. Denne metoden favoriserte store parti sterkt. Ved dette valet fekk til dømes Arbeidarpartiet 56,7 % av stortingsmandata med 45,6 % av røystene, medan Norges Kommunistiske Parti sat att utan stortingsmandat sjølv om dei fekk 5,9 % av røystene. Endå ei endring ved dette valet var at det ikkje lenger var høve til å inngå listesamband. Istadenfor vart det difor i mange valkrinsar sett opp felleslister mellom to eller fleire borgarlege parti.
Samfunnspartiet, som hadde vore representert på Stortinget før krigen men ikkje stilte til val i 1945, stilte igjen til val denne gongen. Dei fekk ikkje stor oppslutning og stilte aldri til val igjen.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Parti | Del av røystene (%) | Endring i høve til 1945 | Mandat | Endring i høve til 1945 |
---|---|---|---|---|
Arbeidarpartiet | 45,6 | + 4,5 | 85 | + 9 |
Høgre | 16,0 | - 1,1 | 23 | - 2 |
Venstre | 12,5 | - 1,3 | 21 | + 1 |
Kristeleg Folkeparti | 8,4 | + 0,5 | 9 | + 1 |
Norges Kommunistiske Parti | 5,9 | - 6,0 | 0 | - 11 |
Bondepartiet | 4,9 | - 3,2 | 12 | + 2 |
Samfunnspartiet | 0,7 | + 0,7 | 0 | 0 |
Borgarlege felleslister | 6,2 | + 6,2 | 0¹ | 0 |
Total | 100 | 0 | 150 | 0 |
¹ Mandata på borgarlege felleslister fordelt på dei einskilde partia.
Dei borgarlege felleslistene var:
- Bondepartiet og Høgre i Vest-Agder, Rogaland og Telemark
- Bondepartiet og Venstre i Buskerud og Vestfold
- Bondepartiet, Høgre og Venstre i Hedmark og Østfold
- Kristeleg Folkeparti og Venstre i byane i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag
Dersom ein fordeler røystene til felleslister på dei einskilde partia, basert på valet i 1945, får ein desse resultata (frå Hvem Hva Hvor 1950):
Parti | Prosent røyster | Endring i høve til 1945 |
---|---|---|
Høgre | 17,9 | + 0,9 |
Venstre | 13,5 | - 0,3 |
Kristeleg Folkeparti | 8,5 | + 0,6 |
Bondepartiet | 7,9 | - 0,2 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Statistisk Sentralbyrå
- Stortingsforhandlinger 1950 (Oslo, 1951)
- Hvem Hva Hvor 1950 (Oslo, 1949)