Stian Heimlund Skjæveland
Stian Heimlund Skjæveland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. november 1973 (51 år) Stavanger kommune |
Yrke | kunstmålar |
Stian Heimlund Skjæveland på Commons |
Stian Heimlund Skjæveland (fødd 19. november 1973 i Stavanger) er ein norsk figurativ kunstmålar og teiknar.
Heimlund Skjæveland er utdanna ved Kunstskolen i Bergen (KiB), Merkantilt Institutt (MI) avd. Bergen, og Tegne- og maleskolen i Bergen. Han har arbeidd som biletkunstnar sidan 1995 og driv eige galleri, Galleri Skjæveland i Jørpeland by, der han voks opp og er busett. [1]
Stian Heimlund Skjæveland har blant anna laga narrative landskapsmotiv og figurkomposisjonar i olje.[1] I kunsten sin hentar han blant anna inspirasjon frå Ryfylke og spenninga mellom lys og mørke, såkalla chiaroscuro.[1] Av inspirasjonskjelder kan Rembrandt, Lars Hertervig og Lucian Freud nemnast.
Utstillingar (utval)
[endre | endre wikiteksten]Biletkunstnaren har hatt fleire separat- og kollektivutstillingar og har blant anna dekorert Ordførarens kontor og kommunestyresalen i Strand kommune.
- Galleri Loyd - separatutstilling, Oslo[2][3]
- Galleri OS - separatutstilling, Sandnes
- Ryfylkeutstillinga - kollektivutstilling, Strand, Forsand, Hjelmeland, Suldal, Finnøy
- Spinneriet - kollektivutstilling, Hjelmeland
- Galleri Skjæveland - permanentutstilling, Jørpeland
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Når dagen gryr, JJD bokforlag (1999), ISBN 82-7096-320-8
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stian Heimlund Skjæveland» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2012.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Tor Inge Jøssang (24. oktober 2007). «Galleriet ved brygga». Stavanger Aftenblad. Henta 16. april 2008.
- ↑ Galleri Loyd f.o.m 01.11 - t.o.m. 03.12 «Separatutstillinger: […] Heimlund Skjæveland «Dreams» […]»
- ↑ Oslopuls I Balders gate 11 på Frogner har nok et galleri åpnet. Galleri Lloyd ligger i et eget hus på 200 kvm, og skal ifølge gallerist Roger Loyd «vise mest mulig av kvaliteten som vi finner i mangfoldet innen norsk og internasjonal samtidskunst». Blant de første separatutstillerne er Kari Middelthon, Hannu Konttinen, Heimlund Skjæveland og Rita Lie
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eigenpresentasjon med døme på kunstnaren sine bilete
- Store Norske Leksikon
- Nokre av bileta til Stian Heimlund Skjæveland (kunsthistorie.com)