Stev
Eit stev er eit vers eller omkved frå norsk folkedikting som har fire linjer.[1] Steva kan delast inn i fleire underkategoriar. Ordet stev kjem frå verbet å stave, eller substantivet stav, som peikar mot talet på tunge stavingar i verset (all bunden form har tunge og lette stavingar).[treng kjelde]
Gamalstev
[endre | endre wikiteksten]Gamalstev vert rekna som den eldste stevtypen. Versemålet har to rim, på andre og fjerde lina. Forma er vanleg i mange mellomalderballadar og er difor spreidd over heile Skandinavia, Island, Irland og Storbritannia. Ein reknar med at forma skriv seg frå verseforteljingar frå mellomalderen som vart omsette til norrønt omkring 1300. Gamalsteva vart truleg dansa til.[2]
Eit typisk gamalstev kan minne om eit ordtak, eller dei er rester av viser som er forsvunne for lenge sidan. Draumkvedet er gjennomført sunge på dette versemålet, likeeins Bendik og Årolilja.
Døme:
- Det stend ei bjørk i Lanjeiseini
- som lavar av adde greinir
- Mange spørje, men ingen veit
- Om Lanjeiskjempun er heimi
- (Setesdal)
Nystev
[endre | endre wikiteksten]Nystev vert rekna som ei mykje yngre form. Denne forma har fastare versrytme og rimar parvis: A-A, B-B. Desse steva vart mykje nytta til dikt ved spesielle høve og er vanlege i stevjing eller stevleik. Versemålet har vore nytta av nyare diktarar, som til dømes Aasmund Olavsson Vinje i diktsyklusen Storegut, av Aslaug Vaa og av Ivar Aasen.
Døme:
- Til lags åt alle kann ingjen gjera
- det er no gamalt og vil so vera
- eg tykkjer stødt at det høver best
- å hjelpa den som det trengjer mest.
Slåttestev
[endre | endre wikiteksten]Slåttestev er vers, stubbar eller viser som er dikta på slåttemelodiar. Her vart rytmen forma av slåtten og oppstod når slåtten vart tulla, om det ikkje var spelemann til stades, og songaren ville brigde med tekst (jmfr. joik). Somme gongar voks steva til heile slåttestev-viser. Visa eller stevet tok ofte namn etter slåtten eller spelemannen slåtten kom frå. Mange av dei lengre visene handla om Myllarguten, eller han er nemnd i teksta. Andre spelemenn, som Hølje Plassen eller Olav Napper kunne òg få slike viser knytt til slåttar dei hadde spela. Vandreslåttar som Hopparen har ofte ei lang rekkje stev knytt til seg, ofte variert over same lesten.
Døme:
- Har du'kje hoppa, så hoppa du vel no,
- var du'kje galen, så flaug du'kje so,
- har du'kje vore i Hjartdal på Tho,
- sulla, lulla, lulla-dio
- (etter hallingen «Hopparen», som finst over hele hardingfeleområdet)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jacqueline Pattison Ekgren, Studia Musicologica Norvegica, Volume 27, Universitetsforlaget, 2001, s. 158.
- ↑ Dagne Groven Myhren ,Stev S.V.,Cappelens Musikkleksikon 1981, Cappelen, 1981, Column no.3 (paragraph no.4)
- Denne artikkelen bygger på «Stev» frå Wikipedia på bokmål, den 16. august 2007.