Statsråd Thomas Fasting
- Må ikkje forvekslast med Thomas Fasting.
Thomas Fasting | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. februar 1769 Lista kommune |
Død |
21. november 1841 (72 år) |
Yrke | politikar |
Thomas Fasting (fødd 25. februar 1769 på Lista, død 21. november 1841 i Christiania)[1] var ein norsk sjøoffiser og statsråd. Han var leiar av sjøforsvaret våren 1814, statsråd utan portefølje 13. oktober til 4. november same år, medlem av statsrådavdelinga i Stockholm i sju periodar mellom 1817–1836, og minister for sjøforsvaret i åtte periodar mellom 1815–1839, i tillegg leiar for departementet for hæren i 1828–30 og 1832–33.[1][2]
Før han starta sin politiske løpebane hadde han vore knytt til den danske marinen i 25 år, mellom anna som sjef på orlogsfartøyet «Ærøe» i Dansk Vestindia. Han hadde også vore deltakar under slaget på reden i København i 1801.[1]
Fasting var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.[1]
Statsrådpostar
[endre | endre wikiteksten]- 13. oktober 1814 supplert inn i statsrådet etter at Christian Frederik hadde lagt ned krona; utan portefølje; tredde attende 4. november etter kongevalet[3]
- Frå 31. mars 1815; sjef for det nyoppretta Marinedepartementet
- Frå november 1817; ved statsrådavdelinga i Stockholm
- Frå desember 1818; sjef for Marinedepartementet
- Frå mai 1820; ved statsrådavdelinga i Stockholm
- Frå august 1821; sjef for Marinedepartementet
- 1.–21. mai 1824; også sjef for Revisjonsdepartementet
- Frå august 1824; ved statsrådavdelinga i Stockholm
- Frå 16. september 1825; sjef for Marinedepartementet
- Frå september 1826; ved statsrådavdelinga i Stockholm
- Frå oktober 1826; sjef for Marinedepartementet
- Frå desember 1828; også sjef for Armédepartementet
- Frå januar 1830; ved statsrådavdelinga i Stockholm
- Frå januar 1831; sjef for Marinedepartementet
- Frå august 1832; også sjef for Armédepartementet
- Frå juli 1833; ved statsrådavdelinga i Stockholm
- Frå september 1834; sjef for Marinedepartementet
- Frå juni til november 1836; ved statsrådavdelinga i Stockholm
- Frå desember 1836; sjef for Marinedepartementet
- Avskjed frå statsrådet 17. oktober 1839
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Roald Berg. «Thomas Fasting». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. mars 2017.
- ↑ Biografisk informasjon om Statsråd Thomas Fasting NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- ↑ Kjelde for statsrådslista er: Debes, Jan (1950). Det norske statsråd: 1814-1949. [Oslo]: Cammermeyer.
- Denne artikkelen bygger på «Thomas Fasting» frå Wikipedia på bokmål, den 5. mars 2017, revisjon 16789547