[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Stasjonsvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SAAB 9-5 stasjonsvogn.

Stasjonsvogn er ein bil som fungerer både som personbil og varebil ved at bakseta kan leggast ned slik at ein får like stort lasterom som i ein liten varebil. I motsetnad til varebilar har stasjonsvogner vindaugo rundt heile karosseriet. Stasjonsvogner er populære familiebilar, men vert òg nytta av sjølvstendige næringsdrivande og andre som har bruk for meir fleksibel bagasjeplass enn i ein sedan.