St. Kliment Ohridski-basen
St. Kliment Ohridski-basen | |||
stasjon | |||
Hovudbygningen til basen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°38′29″S 60°21′53″W / 62.64139°S 60.36472°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
St. Kliment Ohridski-basen 62°38′29″S 60°21′53″W / 62.641388888889°S 60.364722222222°W | |||
Kart over området i 2014
| |||
Wikimedia Commons: St. Kliment Ohridski Base |
St. Kliment Ohridski-basen er ein bulgarsk base i Antarktis på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Basen, som opphavleg vart kalla Sofia Universitet-basen, vart namngjeven i 1993 etter St. Kliment av Ohrid (840-916), ein viktig bulgarsk vitskapsmann.[1]
Basen ligg 12-15 meter over havet på Bulgarian Beach, 130 m inn frå kysten av Emona Anchorage, mellom Pesyakov Hill og Sinemorets Hill, oppom Grand Lagoon. Bekken Rezovski Creek renn med smeltevatn gjennom basen om sommaren og gjev basen vassforsyning.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter eit mislykka forsøk på å gå i land ved Cape Vostok heilt nordvest på Aleksanderøya, vart to prefabrikkert hytter sett opp på Livingston Island mellom 26. og 28. April 1988 av fire bulgarar som vart frakta hit av det sovjetiske forskingsfartøyet «Mikhail Somov». Anlegga vart sidan pussa opp og innvigd som ein permanent base den 11. desember 1993.[2]
Basen vart bygd ut med fleire bygningar mellom 1996 og 1998. St. Ivan Rilski-kapellet vart bygd i 2003 og var den første ortodokse bygningen i Antarktis og den sørlegaste ortodokse bygnignen i verda. Det har vore postkontor på St. Kliment Ohridski sidan 1994/1995.
Basen vert ofte vitja av representantar frå institutta som driv aktivitetar i Antarktis, mellom anna den bulgarske presidenten Georgi Parvanov i januar 2005.
St. Kliment Ohridski-basen ligg fint til ved fleire landruter frå Bulgarian Beach til fleire ander stader på Livingston Island som Balkan snømark, Burdick Ridge og Pliska Ridge, Tangra Mountains og breane Perunika, Huntress, Huron og Kaliakra og Saedinenie snømark. Den spansk basen Juan Carlos I ligg 2,7 km mot sør-sørvest, medan Camp Academia ligg 11 km aust i Tangra Mountains.
Basen vert nytta av forskarar frå Bulgaria og andre land for å forske på geologi, biologi, glasiologi, topografi og geografisk informasjon. St. Kliment Ohridski vert vitja av cruiseskip frå Hannah Point, og er ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Antarktis.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «St. Kliment Ohridski Base» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ St. Kliment Ohridski-basen. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
- ↑ Ivanov, L. General Geography and History of Livingston Island. In: Bulgarian Antarctic Research: A Synthesis. Eds. C. Pimpirev and N. Chipev. Sofia: St. Kliment Ohridski University Press, 2015. pp. 17-28. ISBN 978-954-07-3939-7
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Den bulgarske antarktiske stadnamnkommisjonen Arkivert 2010-01-27 ved Wayback Machine.
- (spansk) Den spanske antarktisbasen Juan Carlos I
- COMNAP Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.