Spree
Utsjånad
Spree | |||
elv | |||
Spree i Berlin
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 10 105 km² | ||
Lengd | 380 km | ||
Middelvassføring | 36 m³/s | ||
Kjelde | Lausitzer Bergland | ||
• høgd | 430 moh. | ||
Munning | Havel | ||
• høgd | 29 moh. | ||
Spree 51°00′35″N 14°38′58″E / 51.009611111111°N 14.649305555556°E | |||
Wikimedia Commons: Spree (river) |
Spree (sorbisk Sprowja/Sprewja) er ei elv i Sachsen, Brandenburg og Berlin i Tyskland og ei av sideelvane til Havel frå venstre med ei lengd på 380 km.
Ho har sitt utspring i Lausitzer Bergland ved den tsjekkiske grensa. Lenger nord renn elva inn i Spreewald, eit stort våtmarksområde, som tidlegare var heimstad til sorbarane. Den siste delen av elva renn gjennom sentrum av Berlin og munnar ut i Havel i dei vestlege bydelane.
Innbyggjarar og turistar i Berlin vitjar ofte Badeschiff, ein badestad ved Spree.
Andre byar langs elva er: Bautzen, Spremberg, Cottbus, Lübbenau, Lübben og Fürstenwalde.
Elva har gjeve namn til to landkreisar i Tyskland:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spree
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Spree frå Engelsk Wikipedia .