Spacelab
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Spacelab er eit romlaboratorium, utvikla av den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). Det bestod av modular som vart installert i lasterommet på ei romferje. Spacelab gjorde det mogleg å gjennomføre forsking i eit vektlaust miljø som likna på den i eit romstasjon, medan ein slapp å bruke tid og utgifter til drift og vedlikehald av ein romstasjon i bane rundt jorda, slik som med Skylab.
Første settet (LM1) vart gjeve til NASA gratis, mot at ESA fekk europeiske astronautar med på oppdrag med dei amerikanske romferjene. Det andre settet (LM2) kjøpte NASA sjølv, til eige bruk.
Første Spacelab vart sendt opp i 1983 om bord Columbia under ferda STS-9.
Spacelab sitt modulsystem
[endre | endre wikiteksten]Spacelab er eit modulsystem. Trykkmodulane finst som einskilde (4,3 m lange) og doble (7,0 m). I trykkmodulane kan to til fire astronautar arbeide utan romdrakter. Trykkmodulen er forbunde med romferjekabinen via ein tunnel. Forutan trykkmodulane består Spacelab av opp til fem 3 meter lange U-forma pallar med utstyr som skal utsettast for vakuum, stråling mm. eller som ikkje treng menneskeleg manipulasjon under romferda. Pallane er plassert mellom trykkmodulen og halesesjonen til romferja.
- Ein dobbelt trykkmodul gjev plass til opp mot to pallar.
- Ein einskild trykkmodul gjev plass til opp mot tre pallar.
- Ingen trykkmodul gjev plass til opp til fem pallar.
- Trykkmodulen inneheld kjøleanlegget, straumfordeling og dataoppsamling. Om Spacelab er utan trykkmodul vert det tilkopla ein Igloo, som utfører den funksjonen.
Romferder der Spacelab vart nytta
[endre | endre wikiteksten]- STS-9, Spacelab 1, november 1983, LM1, dobbelt trykkmodul og to pallar (Columbia)
- STS-51-B, Spacelab 3, april 1985, Module LM1 (Challenger)
- STS-51-F, Spacelab 2, juli 1985, tre paller (Challenger)
- STS-61-A, Spacelab D1, oktober 1985, Module LM2 (Challenger)
- STS-35, ASTRO-1, December 1990, Pallet (Columbia)
- STS-40, SLS-1, Juni 1991, Module LM1 (Columbia)
- STS-42, IML-1, Januar 1992, Module LM2 (Discovery)
- STS-45, ATLAS-1, Marts 1992, double Pallet configuration (Atlantis)
- STS-50, USML-1, Juni 1992, Module LM1 (Columbia)
- STS-47, Spacelab-J, September 1992, Module LM2 (Endeavour)
- STS-56, ATLAS-2, April 1993, Pallet (Discovery)
- STS-55, Spacelab D2, April 1993, Module LM1 (Columbia)
- STS-58, SLS-2, Oktober 1993, Module LM2 (Columbia)
- STS-59, SRL-1, April 1994, Pallet (Endeavour)
- STS-65, IML-2, Juli 1994, Module LM1 (Columbia)
- STS-68, SRL-2, Oktober 1994, Pallet (Endeavour)
- STS-66, ATLAS-3, November 1994, Pallet (Atlantis)
- STS-67, ASTRO-2, Marts 1995, Pallet (Endeavour)
- STS-71, Spacelab-Mir, Juni 1995, Module LM2 (Atlantis)
- STS-73, USML-2, Oktober 1995, Module LM1 (Columbia)
- STS-78, LMS, Juni 1996, Module LM2 (Columbia)
- STS-83, MSL-1, April 1997, Module LM1 (Columbia)
- STS-94, MSL-1R, Juli 1997, Module LM1 (Columbia)
- STS-90, Neurolab, April 1998, Module LM2 (Columbia)
- STS-99, SRTM, Februar 2000, Pallet (Endeavour)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Spacelab www.astronautix.com
- Spacelab Payloads on Shuttle Flights NASA