Skomvær fyr
Utsjånad
Skomvær fyr Foto: Siri Wolland | |||
Fylke | Nordland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Røst kommune | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1887 | ||
Koordinatar | 67°24.7′N 11°52.5′E / 67.4117°N 11.8750°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 31,7 | ||
Byggjemateriale | Støypejarn | ||
Status | |||
Eigar | Staten ved Kystverket | ||
Automatisert | 1978 | ||
Avfolka | 1978 | ||
Vernestatus | Freda | ||
Skomvær fyr 67°24′39″N 11°52′30″E / 67.4109183°N 11.874925°E | |||
Skomvær fyr ligg på øya Skomvær i Røst kommune i Nordland. Det 31,7 meter høge fyrtårnet i støypejarn vart påbyrja i 1886. Fyrlyset vart tent i oktober 1887. I 1978 vart fyret automatisert og Skomvær vart avfolka.
Skomvær fyr ligg i Røstøyan landskapsvernområde. I sommarhalvåret går det båtturar til Skomvær.
Kunstnaren Theodor Kittelsen budde i to år frå 1887 på Skomvær fyr då svogeren var fyrvaktarassistent der.
Skomvær fyr gav i 1890 namn til seglskuta «Skomvær». Seinare fekk redningsskøytene «Skomvær II» og «Skomvær III» namn etter seglskuta.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ove Arne Olderkjær:Norske fyr. Ei reise langs kysten.Oslo 2004.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Skomvær fyr i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren