[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Skjørbuksurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjørbuksurt
Skjørbuksurt
Skjørbuksurt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Cochlearieae
Slekt: Cochlearia
Art: Skjørbuksurt C. officinalis
Vitskapleg namn
Cochlearia officinalis

Skjørbuksurt er ein to- eller fleirårig urt i krossblomfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planten er også kjend under namn som eiriksgras, finnmarkskål, sjørbuksgras og kokleare. Han inneheld mykje C-vitamin, og er eit tradisjonelt middel mot skjørbuk.

Botanisk illustrasjon av Cochlearia officinalis

Skjørbuksurten vert kring 10 cm høg, og har rosett med nyreforma blad utan tenner. Han har grov stiv stengel med bukttagga sitjande blad, 4-5 mm lange kronblad og kulerund skulpe. Skjørbuksurt blømer kring mai på havstrender. I Noreg veks han langs kysten frå Østfold til Finnmark.

Varianten integrifolia er kring 15 cm høg, er opprett med smale utagga stengelblad, stor avlang skulpe og store frø. Denn blømer kring juni. Han er utbreidd frå Nordland til Finnmark, og finst der frå havstranda og opp til fjells til 750 m.

  • «SKJØRBUKSURT», Urtekildens planteleksikon.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.