Sisu Auto
Utsjånad
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Oy Sisu Auto Ab | |||
| |||
Org.form | Dotterselskap | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1931 | ||
Eigar | Oy Suomen Autoteollisuus Ab | ||
Hovudkontor | Raseborg | ||
Land | Finland | ||
Produkt | Lastebilar og pansra køyretøy | ||
Nettstad | http://www.sisuauto.com |
Oy Sisu Auto Ab er ein finsk produsent av lastebilar og pansra køyretøy.
Soge
[endre | endre wikiteksten]- I 1931 stifta Karl Arthur Nordgrén, Emil Anton Winckelmann og Lars Wilhelm Åberg Oy Suomen Autoteollisuus (Finsk bilindustri AS) [1]. Namnet Sisu, som tyder sterk og uthaldande, kom til ved at det i 1932 vart utlyst ein konkurranse. Tor Nessling vart tilset som utviklingssjef og i 1932 vart han generaldirektør for føretaket, der han vart i fire tiår. Frå starten vart det produsert lastebilar.
- I 1938 var den fyrste prototypen til eit militært pansra køyretøy ferdig .
- 1939 fekk Tor Nessling aksjemajoriteten i føretaket[2]
- I 1941 vart det bygd ein ny fabrikk i Karis og det vart bygd ein ny fabrikk i Tavastehus i nærleiken av Vånå[2].
- I 1943 vart Yhteissisu Oy stifta i Flemingsgatan i Helsingfors, med føremål å produsera køyretøy til det finske forsvaret. Det var planlagt ein serie på rundt 7000 einingar i fyrste omgang, men på grunn av forseinkingar kansellerte forsvaret ordren i 1948.
- I 1945 vart dei fyrste prototypane til Yhteis-Sisus vart ferdige og serieproduksjon starta året etter. Det vart produserte både bussar, lastebilar og spesialkøyretøy på bestilling.
- I 1948 vart Sisu delt opp i Vanajan Autotehdas Oy (VAT) og Oy Suomen Autoteollisuus Ab (SAT), og Yhteissisu overtok teikningane til den siste lastebilen (Sisu S-21). SA produserte ikkje lastbilar dei neste fem åra.
- I 1949 vart den fyrste lastebilen med bakløft produsert.
- I 1958 kom føretaket med ein løftbar boggi, som dei hadde utvikla.
- I 1960 vart Oy Karia lagt saman med Oy Suomen Autoteollisuus Ab. Sisu de Colombia Limitada stifta og eksporten av lastebilar til Sør-Amerika tok til.
- I 1961 vart det bygd ein ny monteringsfabrikk på 150 000 m2 i Karis.
- I 1962 kom Sisu KB-112, som var den fyrste europeiske lastebilen med hydraulisk tippbart førarhus.
- I 1963 kom Sisu KB-117, som var den fyrste serieproduserte lastebilen i Europa med tippbart førarhus.
- I 1964 kom terrengkøyretøyet (KB-45), som det vat produsert over 500 einingar av fram til 1982.
- 1965 tok Sisu, som den fyrste europeiske lastebilprodusenten, til å produsera snutebilar med skjermar og panser av forsterka plastmateriale.
- I 1968 vart VA og SA samanslegne under namnet Suomen Autoteollisuus.
- I 1969 byrja dei til å produsera terminaltraktorar.
- I 1976 innleia Leyland, Saab-Scania og Sisu eit samarbeid og delte aksjane 10/10/80 % mellom seg.
- I 1981 bytta Suomen Autoteollisuus namn til OY Sisu-Auto AB.
- I 1985 vart OY Sisu Auto AB heilt og fullt eit statseigd føretak. Same året vart bussproduksjonen nedlagt og ein ny akslingfabrikk vart opna i Hämeenlinna.
- I 1988 vart det starta produksjon av 5-aksla lastebilar.
- I perioden 1989 til 1995 eksisterte Sisu Racing, som vann tre europeiske meisterskap (1991 til 1993).
- I 1993 var terminaltraktorprodusenten Ottawa Truck Corporation i USA kjøpt.
- 1. mai 1994 vart Valmet OY, som mellom anna produserte traktorar og skogsmaskinar, innlemma i Sisu. Forretningsområda vart Sisu Tractors, Sisu Terminal Systems, Sisu Logging, Sisu Trucks, Sisu Defence, Sisu Components og Sisu Factory Automation. Etter dette stod lastebilproduksjonen for berre 10 % av omsetninga.
- I 1995 vart akslingproduksjonen skild ut som eit eige føretak, men namnet Sisu Akselit Oy.
- I 1996 vart Sisu, som då var eit heileigd statsselskap, splitta opp i fleire uavhengige føretak[2]:
- Den militære eininga vart lagt til Patria Industries.
- Sisu Terminal Systems, Sisu Truck and Sisu Axles vert selde til Partek Oyj, der staten var deleigar.
- I mars 1996 vart OY Sisu Auto AB ISO 9001-godkjent og AQAP 110-godkjent (AQAP er ei godkjenning for produksjon av utstyr til NATO).
- I juni 1996 underskreiv Sisu og Renault ein intensjonsavtale.
- I august 1996 vart alle aksjane i Sisu Defence OY overførte til staten.
- Den 20. januar 1997 underskreiv Sisu og Renault ein kontrakt om at OY Sisu Auto AB selde 50 % av aksjane sine i RS Hansa Auto OY til Renault V.I. Det vart òg signert ein avtale om komponentsamarbeid Sisus eksport-marketing blei også ingått mellom dei to firmaa. Hansa Auto OY vart med dette ein sals- og vedlikehaldsavdeling for Sisu- og Renault-lastebilar. Sisu og Partek fusjonerte[2].
- Den 22. januar vart det inngått ein førebels avtale mellom Sisu og Partek. Aksjemajoriteten i Sisu vart overført til Partek i april.
- I 1999 vart dei fyrste 1000 Sisu-lastebilane med førarhus frå Renault produserte.
- I 2000 selde Renault VI 50 % av aksjane sine i Hansa Auto til Sisu, slik at Sisu Auto eigde heile Hansa Auto. Sisu Auto og Renault fortsette samarbeidet og Sisu Auto vart offisiell importør av Renault-lastebilar i Finland.
- I 2001 vart Hansa Auto innlemma i Sisu Auto. Sisu-merket feira 70-års-jubileum.
- I 2002 fekk Sisu sin den største eksport-ordren dei nokon gong hadde fått; 110 Sisu E 12 6x4 tunge semitrailartrekkvogner til den franske hæren. Same år vart Partek seld til Kone og Sisu Auto vart 100% eigd av Kone.
- I 2004 selde Kone Sisu Auto til Suomen Autoteollisuus OY, som var eigd av ei investorgruppe. Dette førte til at den finske transportsektoren vart lagt saman med leiinga i Sisu Auto. KONE hadde framleis aksjemajoriteten i Suomen Autoteollisuus OY.
- I 2006 feira Sisu 75-års-jubileum som merke, sjølv om eigartilhøva har vore skiftande opp gjennom åra.
- I 2010 vart føretaket kjøpt av Olof Elenius og Timo Korhonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ History of Sisu Auto, arkivert frå originalen 21. mars 2014, henta 13. november 2012
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Sisu Axles, arkivert frå originalen 16. januar 2015, henta 13. november 2012
- Denne artikkelen bygger på «Sisu (lastbil)» frå Wikipedia på dansk, den 28. mars 2008.