Sigurd Allern
Sigurd Allern | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. september 1946 (78 år) Sandnessjøen |
Yrke | politikar, professor, redaktør, journalist |
Politisk parti | Raud Valallianse |
Ektefelle | Hilde Haugsgjerd, Ester Pollack |
Sigurd Allern på Commons |
Sigurd Allern (fødd 5. september 1946) er ein norsk journalist, politikar og medieforskar, fødd i Sandnessjøen. Allern var ansvarleg redaktør for Klassekampen i to periodar, 1969–1972 og 1979–1995.[1] Han er mag.art. i sosiologi frå Universitetet i Oslo (1974) og dr.polit. i medievitskap frå Universitetet i Bergen (1997). I 2003 vart han den fyrste professoren i journalistikk ved Universitetet i Oslo. Sidan 2007 har han òg vore professor II ved Høgskulen i Volda, og i 2008 fekk han som fyrste nordmann eit gjesteprofessorat ved Universitetet i Stockholm.[2] Frå 2003 til 2006 arbeidde han som forskar ved Institutt for journalistikk i Fredrikstad.
Sigurd Allern vart fødd og voks opp i Sandnessjøen, som son av Edith Berg Allern og Ole Allern.[3] Han vart sidan ein sentral person i oppstarten av Arbeidernes Kommunistparti, AKP(-ml), på byrjinga av 1970-talet, og han var leiar frå 1973 til 1975. På same tid var han leiar av Raud Valallianse, som på den tida fungerte som valfronten til AKP(-ml), fordi Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti hadde hindra AKP å stille til val i eige namn, med referanse til namnelikskapen. Tidlegare hadde han vore leiar i Sosialistisk Ungdomsforbund (1967–1968).
Sigurd Allern har også skrive fleire bøker, mellom desse Kildenes makt (1992), Når kildene byr opp til dans (1997), Flokkdyr på Løvebakken? (2001) og Nyhetsverdier (2001).
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1975: Kinas utenrikspolitikk (saman med Jahn Otto Johansen og Erik Solheim). Oktober, Oslo. ISBN 82-7094-979-5
- 1988: Møkkagraverne & den kritiske tradisjonen – essays. Oktober, Oslo. ISBN 82-7094-481-5
- 1989: Det Norge vi vil ha (medforfattar, red. Kjell Bækkelund). Cappelen, Oslo. ISBN 82-02-11978-2
- 1992: Kildenes makt. Pax, Oslo. ISBN 82-530-1562-3 (1. utg.), ISBN 82-530-1843-6 (2. utg. 1996)
- 1997: Når kildene byr opp til dans. Pax, Oslo. ISBN 82-530-1868-1
- 2001: Nyhetsverdier. IJ-forlaget, Kristiansand. ISBN 82-7147-210-0
- 2001: Flokkdyr på Løvebakken?. Pax, Oslo. ISBN 82-530-2316-2
- 2009: Skandalenes markedsplass. Fagbokforlaget, Bergen. ISBN 978-82-450-0847-0
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Knut Olav Åmås [red.]: «Allern, Sigurd» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
- Heimstad frå artikkel om Allern i SNL.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hvem er hvem?, s. 20
- ↑ «Sigurd Allern blir professor-sponset» av Alexander Nyhagen på VG Nett (07.03.2008)
- ↑ Norsk biografisk leksikon
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Sigurd Allern i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin