Sierra de Aralar
Aralarfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Regionar | Gipuzkoa, Navarra | ||
Høgaste punkt | Aldaon | ||
• høgd | 1 411 moh. | ||
- koordinatar | 43°20′23″N 2°1′59″W / 43.33972°N 2.03306°W | ||
Geologi | Karst | ||
Sierra de Aralar 42°59′47″N 2°01′56″W / 42.99642°N 2.03223°W | |||
Wikimedia Commons: Aralar |
Sierra de Aralar er ei fjellkjede nord i Spania som grovt sett skil provinsane Gipuzkoa og Navarra. Fjellkjeda er populært for turgåing og andre utandørsaktivitetar.
Ho dekkjer eit areal på 208 km² og består av eit karstmassiv med mange forskjellige steinformasjonar, raviner og grotter som er kjelde til mange baskiske segner, folketru og soger. Mange av desse sogene vart samla av antropologen Jose Miguel Barandiaran, som vart fødd i området i byen Ataun. Kalksteinformasjonane dannar mange holrom og kammer fylte med vatn, og nokre av desse er opne for turistar, som Mendukillo-grotta ved landsbyen Astitz.
I tillegg finst mange små dolmenar, steinsirklar og andre førhistoriske spor i området, 17 i Gipuzkoa og 44 i Navarra. Desse har støtta opp om den mytiske karakteren området har hatt for det baskiske folket.
Helgenskrinet Aralarko San Migel Santutegia (Santuario de San Miguel de Aralar på soansk) frå 900-talet, husar ein kjend statuett av St. Mikael, og ligg i sørenden av massivet nær byen Uharte-Arakil.
Fjelltoppar
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste fjelltoppane er:
- Aldaon (1411 moh)
- Artubi (1262 moh)
- Artxueta (1343 moh)
- Balerdi (1195 moh)
- Beoain (1359 moh)
- Ganboa (1412 moh)
- Irumugarrieta (1431 moh)
- Pardarri (1393 moh)
- Putterri (1299 moh)
- Uarrain (1346 moh)
- Txindoki eller Larrunarri (1346 moh). Dette er det mest kjende og mest vitja fjellet i fjellkjeda.
Plante- og dyreliv
[endre | endre wikiteksten]Vegetasjonen i området består hovudsakleg av bøk og er typisk for atlanterhavssida av Den iberiske halvøya.
Av dyreliv finn ein bisamspissmus, lammegribb, alpekråke, ringdue, salamander, snømarkmus og svartspett.
Delen av fjellkjeda som ligg i Gipuzkoa har vore ein del av eit naturreservat sidan 1994. Det dekkjer eit område på 10,97 km².
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aralar Range» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.