Seille
- For den mindre sideelva til Soâne, sjå Seille i Saône-et-Loire
Seille | |||
elv | |||
Seille ved Vic-sur-Seille
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 348 km² | ||
Lengd | 135 km | ||
Middelvassføring | 10,5 m³/s | ||
Kjelde | Azoudange i Moselle | ||
Munning | Mosel | ||
Seille 48°43′29″N 6°47′46″E / 48.7247°N 6.7961°E | |||
Wikimedia Commons: Seille |
Seille er ei elv i den franske regionen Lorraine, og ei av sideelvane til Mosel frå høgre. Ho vert òg kalla Seille lorraine eller Grande Seille («Store Seille») for å skilje ho frå elva Seille, ei lita sideelv til Saône.
Ho har sitt utspring nær Azoudange, i départementet Moselle. Elva renn ut frå innsjøen Lindre, og renn i utkanten av landsbyen Dieuze og gjennom Vic-sur-Seille og Nomeny, før ho munnar ut i Mosel ved Metz. Ho er 135 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 348 km². Det meste av elva renn igjennom departementet i Moselle, bortsett frå ein del mellom Aulnois-sur-Seille og Cheminot i Meurthe-et-Moselle. Seille er òg grensa mellom Moselle og Meurthe-et-Moselle frå Chambrey til Aulnois-sur-Seille.
Elveleiet
[endre | endre wikiteksten]Seille har sitt opphav i Pond-regionen, og kryssa så Saulnois, eit område sør i Moselle. Denne delen av elva er ein del av Parc naturel régional de Lorraine. Elva renn inn i ein stor dal, der jorda stort sett består av mergel og leire. Sidan mellomalderen har det vorte gjort arbeid på Seille, delvis for å rette ho opp og gjere ho framkommeleg, og delvis for å tømme nærliggande myrområde.
Det rettlinja elveleiet og mangelen på tre langs breidda gjer at elva er lite interessant i landskapet, og i dag er erosjon av elvebreidda eit problem. I det siste har ein derimot byrja å arbeide med å gjenplante skog langs breidda.
Den øvre delen av Seille har fleire sideelvar, og dei viktigaste er:
- Spin og Verbach, i Dieuze (høgre side)
- Ruisseau de Videlange nær Mulcey (høgre)
- Nard i Marsal (venstre)
- Petite Seille i Salonnes (høgre)
- Loutre Noire i Moncel-sur-Seille (venstre)
Den nedre halvdelen av Seille er ikkje like rettlinja, og renn langs grensa til departementet Moselle. Denne delen av elva har relativt få sideelvar:
- Osson ved Ajoncourt
- Ruisseau Saint-Jean i Létricourt
- Ruisseau Saint-Pierre
I Metz munnar Seille ut i Mosel.