[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Severomorsk

Koordinatar: 69°04′00″N 33°24′00″E / 69.06667°N 33.40000°E / 69.06667; 33.40000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severomorsk
Североморск
Horisonten til Severomorsk
Horisonten til Severomorsk
Flagget til Severomorsk Byåpenet til Severomorsk
Flagget til Severomorsk Byvåpenet til Severomorsk


Plassering
Severomorsk is located in Russland
Severomorsk is located in Murmansk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Murmansk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1896
1951
Borgarmeister Vadim Evmenkov[1]
Geografi
Flatevidd
 - By

60 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

53 700
  895 /km²
Koordinatar 69°04′00″N 33°24′00″E / 69.06667°N 33.40000°E / 69.06667; 33.40000
Høgd over havet 31 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 18460x
Retningsnummer (tlf) (+7)81537
Nettstad: severomorsk.murman.ru

Severomorsk (russisk Североморск) er ein by i Murmansk Oblast i Russland, kring 25 km nord for Murmansk ved Murmanskfjorden. Her er den russiske Nordflåten sitt administrative hovudkvarter. Severomorsk har Kolahalvøya sin største tørrdokk. Dette er truleg grunnen til at han er ein lukka by, ein må ha eige løyve for å vitje byen. Dette gjeld òg russarar som ikkje bur der.

Byen vart grunnlagd i 1896 med namnet Vajenga. Tettstaden fekk bystatus i 1951 og fekk samstundes det nye namnet Severomorsk.

Hamna i Severomorsk

Saman med småbyane Rosljakovo, Safonovo, Safonovo-1, Severomorsk-3 og Sjtsjukozero har Severomorsk eit folketal på kring 53.800 innbyggjarar. (2002).

Sør-Varanger kommune er den norske venskapskommunen til Severomorsk.

  1. Besøk i Severomorsk. 8. november 2017. vardo.kommune.no

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]