Sarmin
Sarmin | |||
سرمين | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Idlib | ||
Distrikt | Idlib | ||
Nahiyah | Sarmin | ||
Høgd | 390 moh. | ||
Koordinatar | 35°54′N 36°43′E / 35.900°N 36.717°E | ||
Folketal | 14 530 (2004)[1] | ||
Sarmin 35°54′00″N 36°43′00″E / 35.9°N 36.716666666667°E | |||
Kart som viser Sarmin.
|
Sarmin (arabisk سرمين) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 15 kilometer søraust for Idlib. Han ligg kring 390 meter over havet. Av stader i nærleiken finn ein Binnish i nord, Talhiyah i nordaust, Iffis i aust, Saraqib i søraust og al-Nayrab i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Sarmin eit folketal på 14 530 i 2004. Han er den einaste staden i Sarmin nahiyah («underdistrikt»).[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Mellomalderen
[endre | endre wikiteksten]Sarmin var åstad for eit stort slag mellom krossfararane og seldsjukk-tyrkarane. På 1200-talet vart byen hylla, men var liten, og innbyggjarane var ismailittar, i følgje Yaqut al-Hamawi.[3] Ajjubide-herskaren i Hama og den lærde Abu'l-Fida skildra Sarmin som ein my med mykje land og område med særs fruktbar jord. Byen hadde ingen bymuyrar, og ein Jami-moské.[3] I 1355 vart Sarmin vitja av Ibn Batutah, som skreiv om dei mange trea, hovudsakleg oliven, som voks der. Det vart laga såpe og såpa vart eksportert til Damaskus og Kairo. I tillegg vart ei parfyrmert såpe, farga raud og gul, laga. Det vart òg laga bomullsprodukt. På denne tida var det ein fin moské i Sarmin med ni kuplar.[3]
Den syriske borgarkrigen
[endre | endre wikiteksten]Han vart bomba under den syriske borgarkrigen og ein av moskéane vart hardt skadd.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
- ↑ Oweis, Khaled Yacoub. Syrian opposition won't talk to officials linked to crackdown Arkivert 2013-02-19 ved Wayback Machine.. Reuters. 2013-02-15.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 le Strange, 1890, s. 532
- ↑ Cantlie, John (31. mars 2012). «Syria eyewitness dispatch: 'I watched as Assad's tanks rolled in to destroy a rebel town'». Daily Telegraph. Henta 15. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Sarmin» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- le Strange, Guy (1890). Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. Committee of the Palestine Exploration Fund.