Salvatore Antibo
Salvatore Antibo | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 7. februar 1962 (62 år) Altofonte |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Salvatore Antibo (fødd 7. februar 1962) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Altofonte i provinsen Palermo. Han vart dobbelt europameister i 1990, på høvesvis 5000 og 10000 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Antibo fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under friidretts-EM 1982, der han enda som sjettemann på 10 000 meter. Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles vart han nummer fire på same distansen, slått med fire hundredels sekund av bornsevinnaren, Michael Musyoki frå Kenya.
Under friidretts-EM 1986 i Stuttgart var Antibo delaktig i den historiske triumfen for Italia på 10000 m. Han sprang då inn til bronsemedalje, 2-3 sekundar bak landsmennene Stefano Mei og Alberto Cova som tok gull- og sølvmedaljane.
Hausten 1988 vann Antibo sølvmedaljen på milløpet under dei olympiske sommarleikane i Seoul. Løpet, som gjekk i høgt tempo, vart vunne av marokkanaren Brahim Boutayeb vel to sekund før Antibo som sette italiensk rekord med 27.23,5. Den 29. juni 1989 forbetra han mil-rekorden til 27.16,5 under ein landskamp i Helsinki, der han drog med seg landsmannen Francesco Panetta til 27.24,1; enno 25 år seinare dei to beste tidene av Italeinske milløparar.
Også i 1990-sesongen heldt Antibo fram å prestere på høgste nivå. I juli sette han i Bologna italiensk rekord på 5000 meter med tida 13.05,5. Under europameisterskapen 1990 i Split, som vart avvikla på tampen av sommaren, vann han gullet på 10 000 m med nær 23 sekundars margin til sølvmannen, norske Are Nakkim. Fem dagar seinare vann Antibo spurten på 5000 m og tok eit nytt EM-gull, fire tidels sekund føre briten Gary Staines.
Antibo deltok i 1992 i si tredje olympiade, i spanske Barcelona sprang han inn til fjerdeplass på 10 000 meter, nett som i 1984.
Antibo vart kjend for å vere ein løpar som sprang i vekslande tempo, trivis auka han farta monaleg, for så å sleppe tetfeltet.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1982 i Aten: Nr 6 på 10 000 m – 28.21,0
- VM 1983 i Helsinki: Nr 13 på 5000 m – 13.40,7
- OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 på 10 000 m – 28.06,5
- EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje på 10 000 m – 28.00,2
- VM 1987 i Roma: Nr 16 på 10 000 m – 28.33,7
- OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.23,5, bakom Brahim Boutayeb (27.21,4)
- EM 1990 i Split: Gullmedaljar på 5000 m – 13,22,0, og 10 000 m - 27.41,2
- VM 1991 i Tokyo: Nr 20 på 10 000 m – 28.52,4
- OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 10 000 m – 28.11,3
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salvatore Antibo» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Salvatore Antibo» (på engelsk). olympedia.org. Henta 15. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1962
- Italienske langdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Italia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992