Saamelaismuseo Siida
Utsjånad
Siida | |||
| |||
Stad | Inari | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1959 | ||
Saamelaismuseo Siida 68°54′39″N 27°00′49″E / 68.910833333333°N 27.013611111111°E |
Siida er det samiske museet i Finland. Det ligg i Enare kommune i Finland. Museet omfattar også eit naturhistorisk informasjonssenter.
Museet blei skipa i 1959 av den samiske foreininga Sámii Litto som Anára sámemusea (Enare samemuseum). Dette friluftsmuseet fekk sitt fyrste hus i 1960, og opna for publikum i 1963. Stiftinga Saamelaismuseosäätiö blei danna i 1986. Det nye museumsbygget, teikna av Juhani Pallasmaa, opna i 1998.
Museet har også ansvar for samiske kulturminne andre stader i Finland. I Inari ligg også Det finske sametinget. Namnet «Siida» kjem frå den tradisjonelle samiske samfunnsorganiseringa siida.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Siida (museum)» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2022.