Sonny Landreth
Sonny Landreth | |||
| |||
Fødd | 1. februar 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Canton | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1973 til i dag | ||
Sjanger | Blues, country blues | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | Jimmy Buffett, John Hiatt, The Goners, Mark Knopfler | ||
Plateselskap | Epic Records | ||
Verka som | gitarist, songar, musikar | ||
Prisar | Americana Award for Instrumentalist of the Year |
Sonny Landreth (fødd 1. februar 1951) er ein USA-amerikansk bluesmusikar frå sørvest i Louisiana. Han er særleg kjend som slidegitarist. Han var fødd i Canton i Mississippi, og slo seg ned i Lafayette i Louisiana.[1][2]
Han har ein uvanleg gitarstil og har spelt på innspelingar av John Hiatt, Leslie West, Mountain og mange andre.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Landreth byrja å spele gitar etter å ha spelt trompet i lengre tid. Den tidlegaste inspirasjonen hans kom frå Scotty Moore, gitaristen i bandet til Elvis Presley, men etter kvart lærte han seg å spele frå innspelingar av artistar og grupper som Chet Atkins og the Ventures. Som tenåring byrja Landreth å spele med vener i huset til foreldra.
Etter den første profesjonelle konserten sin med trekkspelspelaren Clifton Chenier i 1970-åra (der han ei stund var den einaste kvite fyren i Red Beans & Rice Revue), sette Landreth ut på eiga hand, men ikkje før han hadde spelt inn to album for Blues Unlimited-etiketten i Crowley i Louisiana, Blues Attack i 1981 og Way Down i Louisiana i 1985. Det andre albumet vart lagt merke til av platebransjen i Nashville, som igjen førte til at han gjekk i studio og ut på turné med John Hiatt. Dette førte vidare til arbeid med John Mayall, som spelte inn Landreth sin «Congo Square». I nyare tid har han arbeidd med bandleiaren og pianisten Allen Toussaint.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Solo
[endre | endre wikiteksten]- Blues Attack (1981)[1][3]
- Way Down in Louisiana (1986)[1][3]
- Outward Bound (1992)[3]
- South of I-10 (1995)[1][3]
- Crazy Cajun Recordings (1999) - innspelingar frå 1973 og 1977[3]
- Prodigal Son: The Collection (2000) - innspelingar frå 1973 og 1977[3]
- Levee Town (2000)[3]
- The Road We're On (2003), nådde toppen av blueslista i USA.[4]
- Grant Street (2005) - konsertopptak, nådde andreplassen på blueslista i USA.[4]
- Sonny Landreth - Live At Jazz Fest 2007 (2007) - konsertopptak
- From the Reach (2008), nådde førsteplassen på blueslista i USA.[4]
- Elemental Journey (2012), nådde fjerdeplassen på blueslista i USA.[4]
Som studiomusikar
[endre | endre wikiteksten]med Jimmy Buffett:
- «USS Zydecosmobile» og «Mademoiselle (Voulez-Vous Danser)» på Far Side of the World (2002)
- License to Chill (2004)
- Live at Fenway Park (2005)
- Jimmy Buffett på Hoot (2006)
- Take the Weather With You (2006)
med John Hiatt:
- Slow Turning (1988)
- The Tiki Bar is Open (2001)
- Beneath This Gruff Exterior (2003)
med Eric Johnson:
- Up Close (2010) - songen «Your Book»
med andre:
- «When The Levee Breaks» og «The Wrong Side» på Lay Your Burden Down av Buckwheat Zydeco
- «Then I'm Gonna Make Love To You» på Elliott Murphy sitt «Selling The Gold» 1995
- Eric Clapton's Crossroads Guitar Festival 2007
- Eric Clapton's Crossroads Guitar Festival 2010
- Mark Knopfler og Golden Heart (1996)
- Mark Knopfler og A Night In London (1996)
- Gov't Mule og 32/20 Blues
- Little Feat og Join The Band (2008)
- Alain Bashung og Osez Joséphine (1991)
- Alain Bashung's Chatterton (1994)
- «T-Bone Shuffle» på Roots av Johnny Winter (2011)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sonny Landreth» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Tom Aswell (2010). Louisiana Rocks!: The True Genesis of Rock and Roll. Pelican Publishing. s. 227–28.
- ↑ Mark Dziuba (1997). Cutting Edge -- Blues gitar: Find Out What's Happening Out on the Edge..., Book & CD. Alfred Music Publishing. s. 20.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Vladimir Bogdanov, Chris Woodstra, & Stephen Thomas Erlewine, red. (2003). All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues. Hal Leonard Corp. s. 325–26.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Sonny Landreth Chart History: Blues Album». Billboard.com. Henta December 10, 2013.