Sognefjellet
Utsjånad
Sognefjellet | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland, Innlandet | ||
Kommune | Luster, Lom | ||
Sognefjellet 61°34′N 7°59′E / 61.56°N 7.99°E | |||
Wikimedia Commons: Sognefjellet |
Sognefjellet er eit fjellparti på grensa mellom Vestland og Innlandet fylke, mellom Bøverdalen i Lom kommune og Fortunsdalen i Luster kommune. I Sogn vart Sognefjellet kalla Dølafjell. I Gudbrandsdalen vart det kalla Sygnefjellet.
Allereie i mellomalderen gjekk ein trafikkert ferdselsveg over Sognefjellet. Heilt fram til 1800-talet vart det frakta korn over Sognefjellet. No går fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen, opna i 1938), omtrent same ruta, det vil seie opp Bøverdalen og Leirdalen til Krossbu, så sør for den høgste ryggen (1500–1600 moh.) av Sognefjellet til Turtagrø og vidare ned til Fortun.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Sognefjellet» i Store norske leksikon, snl.no.