Nils Juel
Nils Juel | |||
Fødd | 15. mai 1831 Fjelberg | ||
---|---|---|---|
Død | 21. juli 1897 (66 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, proprietær | ||
Alle verv |
|
Nils Juel (15. mai 1831–21. juli 1897) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Fjelberg i Hordaland.
Juel var fødd på Halsnøy kloster i Fjelberg, far hans var offiser og brukar av eigedomen. Sjølv studerte han to år på akademiet i Bohenheim i staten Württemberg. Han overtok farsgarden i 1868 og dreiv denne til han døydde. I mange år var han medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Juel ytte sitt til at Wollert Konow (SB) i 1864 på Halsnøy kloster kunne opne den fyrste folkehøgskulen på Vestlandet.
Jule var 5. representant til Stortinget for Søndre Bergenhus amt frå 1874 til 1882, 1. representant frå same valkrinsen 1883 til -88. Han var 1874-76 medlem i gasje- og pensjonskomiteen, 1877-82 sekretær i same. Grunna sjukdom hadde han forfall i 1883-sesjonen. I 1884 var han medlem av næringskomite nr 1, frå 6. juni 1884 var han medlem av Lagtinget fram til 1888. 1884 medlem av jarnbanekomiteen og 1886-88 atter av gasje- og pensjonskomiteen.
Juel døydde på garden sin, Halsnøy kloster, i 1897.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak (1914). «Juel, Nils». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: [Steenske bogtrykkeri]. s. 459.
- Biografisk informasjon om Nils Juel NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1831
- Døde i 1897
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Kvinnherad
- Folk frå Kvinnherad