Nildalen
Utsjånad
Nildalen er ein elvedal danna av Nilen. Han strekker seg gjennom Øvre Egypt frå Sudan til Kairo, der dalen sluttar og Nildeltaet tek til. Elva renn stort sett på austsida av dalen.
Dalen er rundt 1200 km lang og mellom 5 og 15 km brei, men er smalare i sørenden, og er berre rundt 3 km brei sør for 25° grader nord. Aswan-dammen har skapt verdas største kunstige innsjø i dalen, Nassersjøen.
Det var i Nildalen at sivilisasjonen kjend som Det gamle Egypt utvikla seg for rundt fem tusen år sidan. Elva gav grøde slik at ein kunne utvikla jordbruk og matoverskot. I dalen blei det bygd mange gravminne, som pyramidar og gravkammer, som ein kan sjå i dag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Nildalen» av Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.Denne geografiartikkelen som har med Egypt å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.