Nicolas Lancret
Nicolas Lancret | |
Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike |
Fødd | 22. januar 1689 Paris |
Død |
14. september 1743 (54 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar |
Nicolas Lancret på Commons |
Nicolas Lancret (22. januar 1690–14. september 1743) var ein fransk målar, fødd og død i Paris. Han er særleg kjend for sine fête galante- og commedia dell'arte-motiv. Verka hans vert rekna til rokokko-stilen.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Lancret arbeidde frå 1708 i atelieret til den akademiske målaren Pierre Dulin. Fire år seinare vart han elev av Claude Gillot. Gjennom seks år hos Gillot utvikla han seg til ein framifrå målar av motiv som stod høgt i kurs i samtida. I 1719 vart han medlem av akademiet i Paris, i 1735 rådsmedlem i same.
Lancret laga i hovudsak såkalla fêtes galantes. Etter at både Antoine Watteau og Gillot døydde i 1721-22, var Lancret, ved sida av Jean-Baptiste Pater, den leiande målaren i fête galante-sjangeren. Han måla ei mengd bilete av galante festar, åremåls-markeringar og landsby-høgtider. Stilen er mykje lik den Watteau nytta, motiva lånte han ofte frå teatera sine framsyningar med arkadiske gjetar-tablå. Måleria hans er noko turrare utført enn Watteau sine, og mindre livaktige. Lancret hadde heller ikkje same naturkjensla som Watteau. Landskapa hans er konvensjonelle og ofte framstilt i blå-grøne fargetonar. Fargebruken hans er i det heile noko kjøligare enn Watteau sin.
Lancret var ein svært populær målar i samtida. Bileta hans var mykje etterspurde, mellom anna hadde prøyssarkongen Fredrik den store ei større samling verk måla av Lancret. Takk vere hans grundige og nøyaktige attgjevingar har Lancret sine måleri i dag også kulturhistorisk interesse.
Nicolas Lancret døydde av lungebetennelse hausten 1743.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nicolas Lancret» frå Wikipedia på tysk, den 24. september 2013.