[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Nelli Kim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nelli Kim


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 29. juli 1957 (67 år)
Shurab
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's vault
Utmerkingar Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Nelli Vladimirovna Kim (fødd 29. juli 1957) er ein tidlegare turnar som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister i mangekamp i 1979 og sanka i alt seks OL-gull og fem-VM-gull i tida 1976-80. Kim er fødd i ein gruveby i nærleiken av Isfara i Tadsjikistan.

Kim deltok i Turn-VM 1974, der ho fekk gull i lagtevlinga med det sovjetiske mannskapet. Under Sommar-OL 1976 i Montreal kom ho på andreplass i mangekampen, før ho vart olympisk meister i  frittståande, hopp og lagtevlinga med Sovjetunionen. To år seinare vann ho gullmedaljar i nett dei same tre øvingane/tevlingane då Turn-VM 1978 vart arrangert i Strasbourg. Ved Verdsmeisterskapen i turn 1979 i Fort Worth i USA sigra Kim i den individuelle mangekampen. Ho fekk også med seg gull i frittståande, sølv på bom og i lagtevlinga, samt bronse i hopp. Under Sommar-OL 1980 vann ho to olympiske gullmedaljar, den eine i frittståande og den andre i lagtevlinga.

Kim arbeidde med internasjonal turnsport i fleire tiår. Mellom anna leidde ho eit av dei to tekniske utvala til FIG (det internasjonale turnforbundet).