[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Nanopartikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elektronmikroskopbilde av nanopartiklar.

Ein nanopartikkel er kunstig produserte partiklar som består av ei samling atom frå 1 til 100 nanometer i diameter. 10 hydrogenatom ved sidan av kvarandre utgjer 1 nm. Desse ørsmå partiklane vert nytta innan mange område av nanoteknologi. Til dømes kan nanopartiklar av jernatom nyttast til reinsing av forureina jord eller vatn, og 5 nm store partiklar av cerium og oksygen kan binde frie radikalar i cellevev.

Etter kvart som teknologien vert betre reknar ein med at nanopartiklar kan nyttast til transport av medikament i kroppen og annan medisinsk behandling.