[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Naujaat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naujaat
busetnad
Land  Canada
Territorium Nunavut
Region Kivalliq
Areal 424,27 km²
Folketal 1 082 (2016)
Kart
Naujaat
66°31′19″N 86°14′06″W / 66.521944444444°N 86.235°W / 66.521944444444; -86.235
Wikimedia Commons: Naujaat

Naujaat (inuktitut ᓇᐅᔮᑦ, bokstaveleg 'kvilestad for måsar'), kjend som Repulse Bay til 2. juli 2015,[1] er ein inuittisk busetnad ved kysten av Hudsonbukta, ved sørenden av Melvillehalvøya, i Kivalliqregionen i Nunavut i Canada. Folkegruppa på staden blir kalla aivilingmiut, som tyder 'folk frå kvalrosstaden'.[2]

Geografi og dyreliv

[endre | endre wikiteksten]
Polarsirkelportal

Naujaat ligg ved nordenden av Roes Welcome Sound, som skil Shugliaq (Southampton Island) frå fastlandet. På austsida av Naujaat ligg Frozen Strait, som går austover til Foxe Channel. Busetnaden ligg nøyaktig på Polarsirkelen, på nordkysten av Naujaatbukta og på sørkysten av Rae Isthmus. Busetnaden får forsyningar og transport via luftfartøy og via ei årleg skipsforsyning, kjend som ein sealift.

I og rundt Naujaatbukta finst det ei rekkje ulike dyr, som isbjørn, karibu, sel, kval og kvalross. Det finst også rundt hundre ulike artar fugl i området, mellom anna jaktfalk og vandrefalk.

Naujaat har tundraklima (Köppen ET) med korte, kjølige somrar og lange, kalde vintrar.

Naujaat er blitt omsett til engelsk som 'seagull fledgling', 'seagull resting place' og 'seagulls' nesting place', etter ei klippe som ligg 5 kilometer (3,1 mi) nord for busetnaden, der måsar kjem sørfrå i juni for å hekka. Naujaat blei fyrst vitja av europearar i 1740-åra, og ved slutten av 1800-åra var det blitt ein populær kvalfangststad for amerikanske og skotske kvalfangarar. Mange inuittar frå Naujaat arbeidde om bord på desse kvalskipa frå sør.

Det finst ulike forklaringar på det engelske namnet «Repulse Bay». Mange tillegg det til sjøfararane Christopher Middleton, som under leit etter Nordvestpassasjen i 1742 oppdaga at bukta ikkje var ein veg ut av Hudsonbukta, men ein blindveg. Han skal ha kalla bukta «Bay of Repulse, the bay where I was pushed away». Ei anna forklaring er at eit engelsk skip kalla «Repulse» vitja staden på 1700-talet.

Revillon Frères-posten i Repulse Bay i 1926.

Hudson's Bay Company opna ein handelspost i Naujaat kring 1916, og i 1923 opna eit rivaliserande pelshandelføretak, Revillon Frères, også ein post. Det blei bygd ein katolsk misjon her i 1932.

Naujaat var tidlegare del av District of Keewatin og Keewatin Region. I 1999 blei han del av Kivalliq-regionen.

12. mai 2014 blei det halde eit mellomval for ordførar i byen som Solomon Malliki vann. På same tid blei det halde ei ikkje-bindande avrøysting om ein skulle ta tilbake det tradisjonelle namnet på staden, Naujaat. Med eit stemmeoppmøte på 36 % røysta 82 for og 73 imot ei namneendring. Namnet blei offisielt endra 2. juli 2015.[3]

Naujaat i dag

[endre | endre wikiteksten]
Folketal i Naujaat ved folketeljingar
År Bef. ±%
1976 265
1981 352 +32,8 %
1986 420 +19,3 %
1991 488 +16,2 %
1996 559 +14,5 %
2001 612 +9,5 %
2006 748 +22,2 %
2011 945 +26,3 %
2016 1 082 +14,5 %
2021 1 225 +13,2 %
Kjelde:Statistics Canada
[4][5][6][7][8][9][10][11][12]
Utskjeringar i Arctic Coop i Naujaat

Ved folketeljinga i 2021 hadde Naujaat 1 225 innbyggjarar som budde i 223 av dei totalt 246 private bustadane på staden, ein auke på 13,2 % frå folketalet på 1 082 i 2016.[12]

På staden lever ein framleis av tradisjonell selfangst, fiske, jakt og fangst, i tillegg til moderne turisme og kunsthandverk. Naujaat er kjend for inuittisk kunst, særleg utskjeringar i elfenbein, gevir, kleberstein og marmor av små, realistiske dyr, smykke og liknande.

Naujaat Airport ligg i nærleiken av busetnaden.

  1. Naujaat, Nunavut, residents celebrate official renaming today
  2. «Naujaat», Travel Nunavut (på engelsk), henta 16. november 2022 
  3. «Repulse Bay to officially change name to Naujaat July 2». CBC News (på engelsk). Henta 12. mars 2017. 
  4. «1981 Census of Canada: Census subdivisions in decreasing population order» (PDF). Statistics Canada. May 1992. Henta February 1, 2021. 
  5. «1986 Census: Population - Census Divisions and Census Subdivisions» (PDF). Statistics Canada. September 1987. Henta February 1, 2022. 
  6. «91 Census: Census Divisions and Census Subdivisions - Population and Dwelling Counts» (PDF). Statistics Canada. April 1992. Henta February 1, 2022. 
  7. «96 Census: A National Overview - Population and Dwelling Counts» (PDF). Statistics Canada. April 1997. Henta February 1, 2022. 
  8. «Population and Dwelling Counts, for Canada, Provinces and Territories, and Census Subdivisions (Municipalities), 2001 and 1996 Censuses - 100% Data (Nunavut)». Statistics Canada. August 15, 2012. Henta February 1, 2022. 
  9. «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2006 and 2001 censuses - 100% data (Nunavut)». Statistics Canada. August 20, 2021. Henta February 1, 2022. 
  10. «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2011 and 2006 censuses (Nunavut)». Statistics Canada. July 25, 2021. Henta February 1, 2022. 
  11. «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2016 and 2011 censuses – 100% data (Nunavut)». Statistics Canada. February 8, 2017. Henta February 1, 2022. 
  12. 12,0 12,1 «Population and dwelling counts: Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), Nunavut». Statistics Canada. February 9, 2022. Henta February 19, 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]