Nordvestterritoria
Northwest Territories | |||
Territoires du Nord-Ouest | |||
territorium | |||
|
|||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Yellowknife | ||
Areal | 1 346 106 km² | ||
Folketal | 41 070 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1870 (Hudson's Bay Company overgav territoria til Canada) | ||
Språk | Dene suline, cree, engelsk, fransk, gwich’in, inuinnaqtun, inuktitut, inuvialuktun, nord-slavey, sør-slavey, tłįchǫ[2] | ||
Tidssone | UTC-7 | ||
Nordvestterritoria 67°N 121°W / 67°N 121°W | |||
Kart som viser Nordvestterritoria.
| |||
Wikimedia Commons: Northwest Territories |
Nordvestterritoria (engelsk Northwest Territories, ofte forkorta NWT; fransk, les Territoires du Nord-Ouest) er eit kanadisk territorium. Det har ei flatevidd på 1 171 918 m², men berre 41 861 (2006). Sidan 1967 har hovudstaden vore Yellowknife.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Historia til dette kanadiske territoriet blei til i juni 1870 då Hudson's Bay Company overførte Rupert's Land og North-Western Territory til den kanadiske regjeringa. Denne digre regionen omfatta heile det noverande Canada bortsett frå Britisk Columbia, kysten av dei store sjøane, dalen rundt St. Lawrence-elva og den sørlege tredjeparten av Quebec, Maritimes, Newfoundland, Labradorkysten og dei arktiske øyane som no er del av landet. Namnet viser til den nordvestre plasseringa i høve til Rupert's Land.
Etter overføringa blei området gradvis forminska ved at det blei skilt ut mindre provinsar. Manitoba blei til i 1870 som ein liten firkant rundt Winnipeg før det blei utvida til dagens provins i 1881. Då Britisk Columbia blei med i den kanadiske konføderasjonen i 1871 var det allereie blitt lova dei delane av Nortdvestterritoria som låg sør for 60 grader nord og vest for 120 grader vest. I 1882 blei Regina territoriehovudstad, men etter at Alberta og Saskatchewan blei provinsar i 1905 blei Regina i staden provinshovudstad i den nylaga Saskatchewan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2021/dp-pd/prof/details/page.cfm?Lang=F&GENDERlist=1,2,3&STATISTIClist=1&HEADERlist=0&DGUIDlist=2021A000261&SearchText=Territoires%20du%20Nord-Ouest; språk på verket: fransk.
- ↑ Nordvestterritoria Official Languages Act, 1988 (as amended 1988, 1991-1992, 2003)