[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Norske bistands- og utviklingsministrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norske utviklingsministrar)

Norske bistands- og utviklingsministrar: Som følgje av at Kåre Willoch si regjering blei utvida 17. juni 1983, blei det oppretta ein statsrådspost utan ansvar for noko departement, men med ansvar for utviklingshjelp. Ved Kongeleg resolusjon av 16. desember 1983 blei Departementet for utviklingshjelp oppretta med verknad frå 1. januar 1984. Dette departementet blei lagt ned den 31. desember 1989[1] Seinare regjeringar har likevel hatt ein bistands- eller utviklingsminister, med sete i Utanriksdepartementet. Ministerposten blei avvikla den 16. oktober 2013, da Erna Solberg presenterte si regjering.

Periode Statsråd Parti
19831986 Reidun Brusletten Kristeleg Folkeparti
19861988 Vesla Vetlesen Arbeidarpartiet
19881989 Kirsti Kolle Grøndahl Arbeiderpartiet
19891990 Tom Vraalsen Senterpartiet
19901992 Grete Faremo Arbeidarpartiet
19921997 Kari Nordheim-Larsen Arbeidarpartiet
19972000 Hilde Frafjord Johnson Kristeleg Folkeparti
20002001 Anne Kristin Sydnes Arbeidarpartiet
20012005 Hilde Frafjord Johnson Kristeleg Folkeparti
20052012 Erik Solheim Sosialistisk Venstreparti
20122013 Heikki Holmås Sosialistisk Venstreparti