[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kari Nordheim-Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Nordheim-Larsen
Fødd23. juni 1948 (76 år)
Nome kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, embetsmann
Alle verv
  • Norsk utviklingsminister (1992–1997)
  • fylkesmann i Telemark (2006–2018) Sjå dette på Wikidata

Kari Nordheim-Larsen (fødd 23. juni 1948) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet og Fylkesmann i Telemark.

Kari Nordheim-Larsen var varaordførar i Telemark fylkeskommune frå 1984 til 1990. Dei neste to åra var ho regionsekretær for Arbeidarpartiet. Ho var deretter statsråd (bistandsminister) frå 1992 til 1997 i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering og i Thorbjørn Jagland si regjering. Ho var også konstituert barne- og familieminister i fire månader 24.12 1993 - 5.04 1994, i Grete Berget sin fødselspermisjon. Frå 1998 til 2002 var ho leiar av SN sitt utviklingsprogram i Laos. Frå 2004 var ho rådmann i Hol kommune, til ho i 2006 vart utnemnd til fylkesmann i Telemark.