[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Nord-Jarlsberg prosti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horten kyrkjeKarljohansvern i Horten.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Nord-Jarlsberg prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Holmestrand og Horten.[1]

Prosten har sete i Horten kor Horten kyrkje er prostikyrkje.[2]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Nord-Jarlsberg prosti

[endre | endre wikiteksten]
  • Holmestrand med
    • Botne sokn
    • Hof, Eidsfoss og Vassås sokn
    • Sande sokn
  • Horten med
    • Borre sokn
    • Horten sokn
    • Nykirke sokn
    • Åsgårdstrand sokn

Tidlegare prestegjeld og sokn

[endre | endre wikiteksten]
  • Tidlegare Hof prestegjeld med
  • Tidlegare Horten prestegjeld med
  • Tidlegare Sande prestegjeld med
  • Tidlegare Svelvik prestegjeld med
  1. Nord-Jarlsberg prosti frå Den norske kyrkja
  2. Horten kyrkje[daud lenkje] frå Kyrkjesøk