[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Nærøymanuskriptet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den eldste skissa av runebomma som vert skildra i Nærøymanuskriptet. Denne er kanskje teikna av von Westen sjølv; det finst òg ein annan, meir stilisert versjon.

Nærøymanuskriptet, eigentleg Relation anlangende Find-Lappernis saa- vel i Norrlandene og Finmarken som udi Nummedalen, Snaasen og Selbye deres Afguderie og’ Satans Dyrkelse, som Tid efter anden ere blevne udforskede og decouvrerede, er ein tekst frå 1723 av Johan Randulf, dåverande sokneprest i Nærøy.

Randulf fortel om samemisjonæren Thomas von Westen sitt besøk i Nærøy i januar 1723, og om korleis dei to innkalla samane til prestegjeldet til prestegården for utspørring og undervising.[1] Teksta vert vurdert som eit viktig kjeldeskrift, fordi Randulf «forteller på bakgrunn av egne iakttagelser og erfaringer i et geografisk avgrenset område», men samtidig med fare for misvising, fordi Randulf ikkje skil tydeleg mellom eigne observasjonar i Namdalen, og ting von Westen har fortalt frå studia sine av samar i andre område.[2][3]

Randulf meiner at det overalt i Namdalen og Helgeland finst fjell som samane reknar som heilage, òg på kysten, og nemner Heilhornet og Lekamøya. Han nemner tre offerplassar: Teplingfjellet i Foldereid, Folldalen i Høylandet og Kverndalsfjellet (Kvernvassfjellet) i Fosnes.

Randulf skil mellom «Søe-Finnar» og «Field-Finn» som to grupper med ulike levesett og næringsgrunnlag. Han nemner òg at sjøsamane, i motsetnad til bygdefolket, åt hestekjøtt utan motforestillinger.

Thomas von Westen hadde fått tak i ei tromme av umesamisk type (éi vassrett linje; solkross sentralt i den nedste delen), og manuskriptet inneheld ei tolkande forklaring av motiva på denne tromma.[4][5]

I manuskriptet fortalde Randulf òg om korleis noaiden Anders Sivertsen frå Rana fem år tidlegare skal ha ofra sitt eige liv for at sonen Johannes, som då var 20 år gammal, skulle verta «frikjøpt» frå ein døyeleg sjukdom. Brita Pollan, som attgjev historia i tekstsamlinga Noaidier (2002), meiner at det er same grunnforteljing som J.A. Friis skreiv ned i 1860 om noaiden Andreas, som levde i Varanger på 1500-talet, skal ha ofra seg for sonen sin Unnas. Pollan meiner at den nordsamiske varianten er den eldste og opphavlege, og at Randulf attgjev ein sørsamisk, tilpassa versjon.

Avskrift av manuskriptet vert oppbevart i Gunnerusbiblioteket ved NTNU.[6] Teksta er utgjeven av Just Qvigstad i Kjeldeskrift til den lappiske mythologi; bind 1; i serien Det Kongelege Norske Videnskabers Selskabs skriftar (1903). Utdrag er utgjeve i antologien Noaidier, 2002.

Referansar
  1. Håkon Hermannstrand Nærøykirka og samene på kysten, arkivert frå originalen 6. mai 2016, henta 4. februar 2016 
  2. Roald E. Kristiansen Samiske kildeskrifter Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine.
  3. Hans Mebius. Bissie, studier i samisk religionshistoria. Jengel förlag, 2007. ISBN 91-88672-050
  4. Roald E. Kristiansen. «Samisk religion». I: Geir Winje. Guddommelig skjønnhet, kunst i religionene. Universitetsforlaget, 2001. ISBN 82-15-00053-3
  5. Trond Gabrielsen. «Thomas von Westens runebomme 1723»; Sagat, 31.12.2009 – med detaljert gjengivelse av symbolene og deres tolkning
  6. digitalutgave av manuskriptet