Mytisjtsji
Mytischtschi Мытищи | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||||
Først nemnd i | 1435 | ||||
Borgarmeister | Aleksander Kasakov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
35 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
162 700 4 648,6 /km² | ||||
Koordinatar | 55°55′0″N 37°44′0″E / 55.91667°N 37.73333°E | ||||
Høgd over havet | 150 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 141001–141021 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)495 | ||||
Nettstad: www.mytischi-city.ru |
Mytisjtsji (russisk: Мыти́щи) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg 20 km nordaust for Moskva, ved elva Jauza og jernbanen Moskva – Jaroslavl. Byen har om lag 160 000 innbyggjarar (2007).
Byen er det største industrisenteret i området, særskild maskinbygging og våpenindustri, og utdanning. Mytisjtsji fekk bystatus i 1925.
Mytisjtsji er kjend for akvedukten sin, som vart bygt på 1700-talet etter ordre frå Katarina II. Det var den første vassleidningen som vart bygt i Russland, for å forsyne Kreml med reint vatn.
Busetnaden Mytisjtsji har vore kjend sidan 1460, og sidan 1800-talet som Bolsjije Mytisjtsji (russisk: Большие Мытищи). Landsbyhistoria er nært knytt til Jauzskij-hamna. Mytisjtsji var ein viktig stad på skipsruta. På denne staden vart handelsskipa dradd på hjul, ruller, eller meier, frå elva Jauza og over til elva Kljazma. Handelsmennene måtte betale ei avgift for dette, og busetnaden fekk namn etter denne avgifta, som vart kalla myt (russisk: мыт).
På midten av 1800-talet var innbyggjartalet i landsbyen 389.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Uoffisielt nettstad for Mytisjtsji Arkivert 2008-07-11 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mytisjtsji» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.