Musikaren Jonas Fjeld
Jonas Fjeld | |||
| |||
Fødd | 24. september 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bodø | ||
Fødenamn | Terje Lillegård Jensen | ||
Alias | Jonas Fjeld, Dr. Jonas Fjeld | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1972– | ||
Sjanger | countryrock | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Grappa | ||
Verka som | songar, gitarist, plateartist | ||
Prisar | Spellemannprisen i rock, Kardemommestipendiet, Spellemannprisen i rock, Spellemannprisen i roots og country, Spellemannprisen for årets mannlige artist, Rockheim Hall of Fame |
Jonas Fjeld (fødd 24. september 1952), eigentleg Terje Lillegård Jensen, er ein norsk songar, låtskrivar og gitarist. Fjeld, som har teke artistnamnet sitt etter Øvre Richter Frich sin romanfigur, byrja musikkarriera si i tøysebandet Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band (der òg Herodes Falsk var medlem), seinare omdøypt til Jonas Fjeld Band då gutane (minus Falsk) bestemte seg for å bli seriøse musikarar. Musikken til Jonas Fjeld Band er bluesprega countryrock, med til dels heftige gitarriff.
Eit anna av Fjeld sine musikkprosjekt er Danko Fjeld Andersen, som var eit samarbeid mellom Fjeld og dei amerikanske musikarane Eric Andersen og Rick Danko – sistnemnde kjent frå The Band.
Eit tredje prosjekt er To Rustne Herrer, som består av Jonas Fjeld og Ole Paus. Fjeld har brukt fleire tekstar skrivne av Paus, men på den siste plata si, Mårrakvist, har han òg teke med stoff frå Lars Saabye Christensen, Jo Nesbø og Klaus Hagerup.
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Spellemannprisen 1985 i klassen Rock for albumet Neck'n Neck (med Jonas Fjeld Band)
- Spellemannprisen 1986 i klassen Rock for albumet Time and Motion (med Jonas Fjeld Band)
- Gammleng-prisen i 1986 i klassen Pop.
- Spellemannprisen 1991 i klassen Roots & country med Rick Danko og Eric Andersen.
- Spellemannprisen 1994 i klassen Mannlege artist for albumet Nerven i min sang
- Kardemommestipendiet 2006
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band
- Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band (1973)
- Pans Fløyte (1974)
- Endelig (Uff, Ikke Nå Igjen) (1976)
Jonas Fjeld Band
- Tennesseee Tapes (1977)
- Back in the USA (1978)
- Make up (1979)
- Neck n' Neck (1984)
- Time and Motion (1985)
Jonas Fjeld (soloalbum)
- Take Two Asprins and Call Me in the Morning (1975)
- Living for the Weekend (1983)
- Svært Nok For Meg (1990)
- Texas Jensen (1992)
- Beste (samleplate, 1999)
- Voice on the Water (2000)
- Tidevann (2001)
- Mårrakvist (2006)
Danko Fjeld Andersen
- Danko Fjeld Andersen (1991)
- Ridin' on the Blinds (1993)
To Rustne Herrer
- To Rustne Herrer (1996)
- Damebesøk (1997)
- 12 Rustne Strenger (2002)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Morgenkaffe med Jonas» Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. — Intervju med Fjeld i Bergens Tidende 25. feb. 2006