[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Michal Šlesingr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michal Šlesingr


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 3. februar 1983 (41 år)
Ústí nad Orlicí
Idrett skiskyting
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn

Michal Šlesingr, (fødd 3. februar 1983) i Ústí nad Orlicí i Pardubice-provinsen, er ein tsjekkisk skiskyttar.

Šlesingr begynte med skiskyting i 1995. Han deltok for første gong i eit verdscuprenn i Lahti i 2001/02-sesongen. Han har vore på det tsjekkiske landslaget i skiskyting sidan 2003. Plasseringa hans i verdscupen samanlagt har betra seg javnt frå år til år. Han har deltatt i VM kvart år sidan 2003, og i OL i Torino i 2006, utan topplasseringar. I 2006/07-sesongen har han fått eit gjennombrot. Den beste plasseringa hans så langt i eit verdscuprenn kom i Östersund i 2006/07-sesongen, der han kom på 4.plass på 20 km. I VM i Antholz/Anterselva i 2007 tok han sølv på sprinten.

Michal Šlesingr i 2015

Kortfatta merittliste

[endre | endre wikiteksten]

(pr. 3. februar 2007)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]