[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mitsuo Tsukahara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mitsuo Tsukahara


Tsukahara under Sommar-OL 1972.

Statsborgarskap Japan
Fødd 22. desember 1947 (76 år)
Kita
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 1968, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's rings, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's vault
Utmerkingar Æresmedalje med lilla band

Mitsuo Tsukahara (fødd 22. desember 1947) er ein japansk tidlegare turnar frå Tokyo. I perioden mellom 1968 og 1978 vann han fem gullmedaljar i olympiske sommarleikar og fire gullmedaljar i verdsmeisterskap. Til saman sikra han seg ni OL-medaljar og seks VM-medaljar.

Tsukahara representerte Japan i Sommar-OL 1968, 1972 og 1976, og i verdsmeisterskapane i turn i 1970, 1974 og 1978. Han var med om å vinne gull i lagtevlinga i alle seks leikane/meisterskapane. Individuelt vart han verdsmeister i hopp i 1970 og olympiske meister i svingstang i så vel 1972 som 1976.