Mel Lewis
Mel Lewis | |||
| |||
Fødd | 10. mai 1929 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Buffalo i New York | ||
Død | 2. februar 1990 (60 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1954–1990 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trommesett | ||
Plateselskap | Nimbus Records, Atlantic Records | ||
Verka som | orkesterleiar, dirigent, jazzmusikar |
Mel Lewis (10. mai 1929–2. februar 1990) var ein amerikansk trommeslagar og bandleiar. Han var fødd i Buffalo, New York av russiske foreldre. Fødenamnet hans var Melvin Sokoloff.
Lewis starta å spele profesjonelt som tenåring, og han kom med I Stan Kenton sitt band i 1954. Seinare flytta han til Los Angeles i 1957, og attende til New York i 1963.
I New York starta han Thad Jones/Mel Lewis Big Band med Thad Jones. Gruppa starta med uformelle jamsessions med toppmusikarar frå New York, men etterkvart byrja dei å opptre for pubikum. I 1979 fekk dei ein Grammy for albumet Live in Munich.
I 1978 flytta Jones til Danmark, og bandet endra namn til Mel Lewis Jazz Orchestra. Han heldt fram med å leie bandet, spele inn plater og opptredde på Village Vanguard kvar måndagskveld nesten like fram til han døydde.
Lewis sitt cymbalspel var unikt, og det skapte ein særeigen og lett gjenkjenneleg stil. Han vart nominert til Grammyprisen fjorten gonger, skreiv ei trommebok og underviste på William Patterson State College i New Jersey.