[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Metope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For diktet av Olaf Bull, sjå diktet Metope
Frise frå Parthenon med metoper mellom triglyfene (blokker med loddrette rifler).

Metope (frå gresk meta, 'mellom' og ope, 'opning for ein bjelkeende') er ein del av ei dorisk frise, som fyller rommet mellom triglyfane. Metopen består av ei firkanta blokk som kan vera slett eller rikt dekorert med relieff; skulpturar eller ornament uthogne på jamn bakgrunn. Dei mest berømte døma på metoper, er de 92 metopene på frisen i Parthenon som viser kampen mellom kentaurar og lapithar.