[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Meteorologisk stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein teknikar undersøkjer eit anemometer ved ein amerikansk vêrstasjon.

Meteorologisk stasjon eller vêrstasjon ein plass der det blir regelmessig teke meteorologiske observasjonar.

Det er ulike typar meteorologiske stasjonar: nedbørstasjonar, vêrstasjonar, klimastasjonar, maritime stasjonar, aeronautiske meteorolgiske stasjonar og radiosonde stasjonar.

Nedbørstasjonar måler nedbør vurderer nedbørtype og utbreiing av snødekket. Nettet av desse stasjonane er forholdsvis tett og er viktige for kartlegginga av vassressursane. Meteorologisk institutt hadde i 2009 378 nedbørstasjoner i drift.

Vêrstasjonar måler òg temperatur, råme, lufttrykk, vind og liknande, og gjev ein detaljert skjønnsmessig vurdering av vêr-, sikt- og skyforhold. Dei fleste av desse stasjonane sender òg meldingar som vert nytta i vêrvarslinga. Observasjonstidene er koordinert internasjonalt og er kl. 01, 04, 07 osv. norsk normaltid, kvar tredje time heile døgnet. Berre nokre få av stasjonane sender meldingane til alle desse klokkesletta. Flest meldingar vert det sendt ut ved hovudobservasjonstidene som er kl. 01, 07, 13 og 19. Dei tre siste klokkesletta er viktigast for skildringa av klimaet. For vêrvarsling eksisterer det eit internasjonalt samarbeid for utveksling av meteorologiske observasjonar. Dette samarbeidet er styrt av den meteorologisk verdsorganisasjonen (WMO). Desse observasjonane vert tatt til same tidspunkt og ein kallar slike observasjonar for synoptiske observasjonar eller berre SYNOP.

Meteorologisk institutt har 187 automatiske og 41 manuelle vêrstasjoner i drift i 2009. Av desse har 91 stasjoner ein observatør knytt til seg. Av dei 187 automatiske stasjonane inngår stasjonen Troll i Antarktis og ni vêrstasjonar i Arktis. Dei automatiske vêrstasjonane kan gje observasjonar mykje oftare enn dei manuelle, nokre så ofte som kvart minutt.

Skipsstasjonar finst på handelsfartøy, kystvaktfartøy og liknande. Opphavleg var det 13 reine vêrskip i Nord-Atlanteren. Det norske skipet på stasjonen M (Polarfront) i Norskehavet på 66 °N, 2 °A var det siste i verda som vart lagt ned. I tillegg til at desse skipsstasjonane er viktige for vêrvarslinga, er dei lange dataseriane på staden, både i atmosfæren og i havet, viktige for overvakinga av klimaet.

Aeronautiske meteorologiske stasjonar finst på dei fleste flyplassane. Desse er utstyrte for måling og observasjon av vêrtilhøva som er viktige for luftfartstryggleiken. På viktige militære og sivile flyplassar vert desse observasjonen utført av meteorologisk personell, på alle kortbaneflyplassar og mange stamruteflyplassar er det ein kombinasjon med lufttrafikktenesta. Til tider på døgnet då det er lufttafikk, skal det i prinsippet vere kontinuerleg overvaking av vêret, medan meldingane vert sendt ut kvar heile, og stundom kvar halve time. I Noreg er det kring 50 slike stasjonar, der om lag halvparten av desse òg sender ut observasjonar som vert nytta i vanlege vêr- og klimatenester.

Radiosondestasjonar er spesielle meteorologiske stasjoner som ved hjelp av automatiske instrumentsett festa til frittstigande vêrballongar registrerer temperatur, råme, lufttrykk og vind i nivå opptil kring 30 km. I Noreg er det seks slike stasjonar, fire på fastlandet, ein på Jan Mayen og ein på Bjørnøya. Driftskostnadene gjer at ein i aukande grad søker å utnytte observasjonane frå rutefly og vêrsatellittar for å kartlegge forholda i høgare luftlag.

Bemanning og automatisering

[endre | endre wikiteksten]

De aller fleste vêrstasjonane er betent av ein observatør i bistilling, til dels i privat regi. På utpostar som Jan Mayen, Bjørnøya og Hopen er det heiltidsengasjement som òg omfattar sambandsteneste. I dei siste tiåra har det skjedd ein omfattande overgang til kostnadsbesparande automatisering og fjernregistrering, til dømes frå vêrskip til drivbøyer der posisjon og måledata vert registrert av satellittar i polare banar. Automatisering av ein del fyr har tvunge fram automatiserte vêrstasjonar. Viktige element som lufttrykk, temperatur, vind, nedbør og råme eignar seg godt for automatisk registrering, og datagrunnlaget kan då betrast ved hyppigare registreringar. Visuelle observasjonar (sikt og skyforhold) vil derimot få redusert detaljrikdom. På enkelte stasjoner vert det derfor satsa på ein delvis automatisk og delvis manuell teneste.

«meteorologisk_stasjon» av Petter Dannevig / Knut Erik Harstveit i Store norske leksikon, snl.no.