[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Marita Koch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marita Koch

Marita Koch slår Marlies Göhr på 200 meter i 1984.
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 18. februar 1957 (67 år)
Wismar
Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Språk tysk
Høgd 171 centimeter
Marita Koch på Commons

Marita Koch (fødd 18. februar 1957 i Wismar) er ein tidlegare sprintar som representerte Aust-Tyskland. Marita Koch held den gjeldande verdsrekorden på 400 meter sprint på tida 47,60.[1] Verdsrekorden på 400 meter vart sett under eit verdscupstemne i Canberra i oktober 1985. Sjølv om dette er den einaste verdsrekorden som Marita Koch framleis held i dag, sette ho til saman 15 verdsrekordar i løpet av karrieren sin. Den einaste som har sett fleire verdsrekordar er sprintaren Betty Cuthbert frå Australia. Marita Koch har framleis den europeiske rekorden på 200 meter; 21,71 sekund, men deler denne rekorden med Heike Drechsler.[2] Marita Koch gifte seg med trenaren sin, Wolfgang Meier, og heiter no Marita Meier-Koch.

I 1978 deltok Marita Koch i EM i friidrett i Praha, der ho tok gull på 400 meter på 48,94 sekund og sette verdsrekord på distansen. Aust-Tyskland tok også gull på 4 x 400 meter stafett med Marita Koch på ein av distansane. Under EM i friidrett 1982 i Athen forbetra ho 400 meterstida til 48,16 og sette dermed endå ein ny verdsrekord, i tillegg til at Aust-Tyskland sette verdsrekord på 4 x 400 meter stafett med 3,19,05. Marita Koch tok gull i begge øvingane også under EM i friidrett 1986 i Stuttgart og presterte dermed å ta gull i dei same to øvingane i tre EM på rad.

Marita Koch vart forhindra frå å delta i sommar-OL 1976 i Montreal grunna skadar. Sidan Aust-Tyskland boikotta sommar-OL 1984 i Los Angeles, vart hennar fyrste og einaste olympiske leikar sommar-OL 1980 i Moskva. Her sprang ho 400 meter på 48,88 sekund, tok gullmedalje og sette ny olympisk rekord. Også i Moskva sprang Koch ein av distansane under 4 x 400 meter stafett for kvinner og vann olympisk sølvmedalje for Aust-Tyskland, bak Sovjetunionen.

I 1983 var Marita Koch med på VM i friidrett i Helsingfors, der ho kom heim att med fire gullmedaljar. I 100 meter sprint var det landskvinna Marlies Göhr som gjekk av med sigeren, men Marita Koch tok sølv. I 200-meter tok ho gull framfor Merlene Ottey. Koch deltok ikkje i 400 meter under dette meisterskapet, men tok gull til Aust-Tyskland i både 4 x 100 meter og 4 x 400 meter stafett.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]