[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Marit Aarum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Aarum

Fødd22. april 1903
Død19. februar 1956 (52 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkesamfunnsøkonom, politikar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv
  • Leder for Norsk Kvinnesaksforening (1955–1956) Sjå dette på Wikidata

Marit Johanne Aarum (22. april 190319. februar 1956) var ein norsk samfunnsøkonom, kvinnesaksforkjempar og venstrepolitikar, som var leiar i Norsk Kvinnesaksforening 1955–1956. Ho hadde ei rekkje verv i Venstre og var vararepresentant til Stortinget.

Aarum tok examen artium i 1921 og blei utdanna cand.oecon. ved Universitetet i Oslo i 1926. Etter eit utanlandsopphald blei ho tilsett som sekretær (saksbehandlar) i Statens arbeidstilsyn, der ho i 1945 blei inspektør og seinare konsulent, ei relativt høg stilling på det tidspunktet. Ho arbeidde blant anna med internasjonale avtalar og forhandlingar, og særleg med SN-systemet. Ho var regjeringsutsending for Noreg til den internasjonale arbeidskonferansen i 1948, representerte ofte Noreg på møte med Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) og jobba som SN-ekspert i Pakistan for ILO 1952–1953, der ho var sysselsett med å betre arbeidsforholda i industri og landbruk.[1][2]

Politisk arbeid

[endre | endre wikiteksten]

Aarum var engasjert i Venstre og Norsk Kvinnesaksforening.[3]

Aarum var 1. viseformann i Norsk Kvinnesaksforening 1952–1955 og overtok som fungarande formann då Ingerid Gjøstein Resi døydde i ein flystyrt i Sovjetunionen i august 1955. Ho sat i formannsvervet til ho sjølv døydde i februar 1956. Ho var også redaktør for tidsskriftet Kvinnesaksnytt og medlem av arbeidsutvalet i Norske Kvinners Nasjonalråd, ein paraplyorganisasjon der NKF var medlem.[4]

Aarum var formann i Oslo Venstre, medlem av Oslo bystyre, varamedlem av Oslo formannskap og medlem av ei rekke kommunale komitear i Oslo for Venstre. Ho var vararepresentant til Stortinget for Venstre frå 1954 til ho døydde.[5]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1949: Midlertidig lov om Arbeidsvilkår for hushjelp av 3. desember 1949 : med kommentarer samt en del om Ferieloven og Syketrygdloven
  1. Elisabeth Lønnå (1996). Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913. Gyldendal Norsk Forlag. s. 335. ISBN 8205244952. 
  2. Dagbladet. 20. februar 1956. s. 2. 
  3. Marit Aarum hos Norsk Kvinnesaksforening.
  4. Norske kvinners nasjonalråd 1904–1954. NKN. 1957. s. 89. 
  5. Marit Aarum hos Stortinget.