Maria Teresa Agnesi Pinottini
Maria Teresa Agnesi Pinottini | |||
| |||
Fødd | 17. oktober 1720 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Milano | ||
Død | 19. januar 1795 (74 år) | ||
Dødsstad | Milano | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | cembalo | ||
Verka som | cembalist, komponist, salongvertinne, pianist, operasongar |
Maria Teresa Agnesi Piottini (7. oktober 1720–19. januar 1795) var ein italiensk komponist og musikar under klassisismen. Agnesi Piottini var ein av dei første kvinnelege komponistane av italiensk opera. Ho var fødd i Milano og var ei yngre syster av den vidkjende matematikaren og polyglotten Maria Gaetana Agnesi.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Maria Teresa (døypt Teresa Maria Gaetana) var dotter av Pietro Agnesi og Anna Fortunata Brivio, som tilhøyrde lågadelen. Familien var velståande. Faren hadde i alt tre koner og 21 born.
Maria Teresa lærte song og å spela cembalo. Ho studerte mellom anna under Carlo Zuccari. Som tenåring underheldt ho besøkande med musikalske framføringar, medan Maria Gaetana heldt diskursar på latin. Ho spelte særleg verk av Jean-Philippe Rameau på cembalo.
Maria Teresa Agnesi gifta seg med Pier Antonio Pinottini 13. juni 1752. I løpet av dei neste tjue åra skreiv ho ei rekkje verk. Ekteparet møtte Leopold og Wolfgang Amadeus Mozart i 1770, då far og son besøkte Milano.
I dei seinare åra kjenner ein ingen fleire verk av Agnesi Pinottini. Ho fekk prengeproblem og måtte få økonomisk hjelp av ei syster. Pier Antonio døydde i 1792 og Maria Teresa i 1795. Paret hadde ingen born.
Verk
[endre | endre wikiteksten]I 1747 hadde Agnesi premiere på Il ristoro d'Arcadia ved Teatro Regio Ducal i Milano. Ciro in Armenia frå 1753 er rekna som hennar viktigaste verk. Agnesi-Pinottini komponerte i alt sju operaer, tre av dei hadde ho også skrive libretto for. Mange av komposisjonane hennar er tapte, og berre kjende frå omtale. Ho skreiv mellom anna ei samling ariar for keisarinne Maria Teresia av Austerrike, som støtta henne økonomisk. Den samtidige komponisten Maria Antonia Walpurgis var også ein viktig støttespelar.
Maria Teresa Agnesi Pinottini er avbilda i operahuset La Scala i Milano. Musikken hennar er sjeldan framført i dag, men i Mozart-året 2006 hadde Ulisse in Campania si første oppsetjing ved Schönbrunn-teateret i Wien. Han blei seinare også oppført ved Teatro Quirino i Roma. Det finst også nokre moderne innspelingar av dei gjenverande verka til Agnesi Pinottini.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Dramatiske verk (for opera):
- Il ristoro d'Arcadia (1747)
- Ciro in Armenia (Libretto av Agnesi, 1753)
- Il re pastore (Libretto av Pietro Metastasio, ca. 1756)
- Sofonisba (Libretto av Giuseppe Maria Tomasi, 1765)
- Insubria consolata (Libretto av Agnesi, 1766)
- Ulisse in Campania (Libretto av Agnesi, 1768)
- Nitocri (Libretto av Apostolo Zeno, 1771)
Andre (klavar, små ensemble, song)
- 12 ariar, S, 2
- Aria en Murki: Still, stille Mann!,
- 4 concertoar. (F, F, F, D) (str pts missing in A-Wn, D-Dl), 1 nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1766
- Sonate, G, nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1767 (gjenfunnen i 1998)
- Sonate, F (1992)
- Allegro ou Presto
- Allemande militare & Menuetto grazioso, kbd, ed. F. Brodszky, -Thesaurus Musicus, xvii (1962)
- Concerto, Eâ, hpd, nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1766; sonate, G, kbd, nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1767; Airs divers (tapt)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Hofkomponistinnen in Europa: Aus Boudoir und Gärten, Vol. 2 (Cybele, 2005)
- Meda, Agnesi, Nava D'Adda, Ferrari: Note Femminili. Compositrici Lombarde Dal XVII Al XIX Secolo (Stardivarius, 2011)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fritt tilgjengelege notar av Maria Teresa Agnesi Pinottini ved International Music Score Library Project (IMSLP)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Elif Unlu, «Maria Gaetana Agnesi», Agnes Scott College
- Alfred Loewenberg, ANNALS OF OPERA, 1597-1940 (London, John Calder, 1978)
- Mozart in Italia Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. (PDF-fil) ved mozartways.com
- The Foundation Adkins Chiti - Women in Music[daud lenkje], donneinmusica.org
- Delar av denne artikkelen bygger på «Maria Teresa Agnesi Pinottini» frå Wikipedia på tysk, den 10. mars 2013.
- Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene:
- Gian Paolo Chiti, Domenico Carboni: Ulisse in Campania. Maria Pacini Fazzi Editore, Lucca 2006
- Constantin von Wurzbach: «Agnesi, Maria Cajetana», Biographisches Lexikon des Kaiserthums Oesterreich. Band 1. Verlag L. C. Zamarski, Wien 1856, S. 6 f.
- Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene:
- Delar av denne artikkelen bygger på «Maria Teresa Agnesi Pinottini» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Sven Hansell, Robert L. Kendrick. "Maria Teresa Agnesi", Grove Music Online, ed. L. Macy (accessed February 11, 2006), grovemusic.com Arkivert 2008-05-16 ved Wayback Machine. (subscription access).
- Glickman, Sylvia and Martha Furman, ed. Women Composers: Music Through the Ages. NY: GK Hall and Co., 1998
- Hansell, Sven, “Agnesi-Pinottini, Maria Teresa”, Grove Music Online. http://www.grovemusic.com/shared/views/article.html?section=opera.9000555
- Hansell, Sven and Kendrick, Robert L., “Agnesi, Maria Teresa”, Grove Music Online. http://www.grovemusic.com/shared/views/article.html?section=music.0029
- Tick, Judith, “Women in Music: Western Classical Traditions in Europe and the USA”, Grove Music Online. http://www.grovemusic.com/shared/views/article.html?section=music52554.2.3
- Carrer, Pinuccia and Petrucci, Barbara, “Donna Teresa Agnesi compositrice illustre (1720-1795)” (in Italian), edizioni San Marco dei Giustiniani, Genova 2010
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: