[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Margaretøya

Koordinatar: 47°32′N 19°03′E / 47.533°N 19.050°E / 47.533; 19.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaretøya
øy
Land  Ungarn
Areal 0,965 km²
Folketal 6 (1. oktober 2011)[1]
Kart
Margaretøya
47°31′39″N 19°02′51″E / 47.5275°N 19.0475°E / 47.5275; 19.0475
Wikimedia Commons: Margaret Island

Margaretøya (ungarsk Margitsziget eller Margit-sziget; òg kalla Margitøya) er ei 2,5 km lang øy med eit areal på 0,965 km² i Donau sentralt i Budapest.

Øya er stort sett dekt av parkområde og er eit populært rekreasjonsområde for både turistar og lokale innbyggjarar. Margaretbrua går over elva i sør, medan Árpádbrua kryssar elva og øya i nord.

Margaretøya i Donau

Øya vart sannsynlegvis først busett av Johanittarordenen på 1100-talet. Av dei historiske monumenta på øya finn ein ruinane av ei fransiskanarkyrkje frå 1200-talet og ei dominikanarkyrkje og kloster.

Margaretøya vart tidlegare kalla Kaninøya (Nyulak szigete) og fekk sitt noverande namn etter Margaret av Ungarn (1242–1270), dottera til Béla IV av Ungarn. Øya var dominert av klostersamfunn og kyrkjer fram til 1700-talet, då ho vart vald som tilfluktsstad av palatinarane. Ho vart erklært ein offentleg park i 1908.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Magyarország helységnévtára: Budapest». Henta 8. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

47°32′N 19°03′E / 47.533°N 19.050°E / 47.533; 19.050